Redusere ulikskap i og mellom land - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Redusere ulikskap i og mellom land

Det er store ulikskapar mellom landa på jorda. Nokre land er rike, og innbyggjarane har gode levekår. Andre land er ekstremt fattige, og innbyggjarane har dårlege levekår. FNs berekraftsmål nummer 10 er å redusere ulikskap i og mellom land. Korleis kan vi jobbe for å klare det?

Bakgrunn

Forskjellene mellom fattige og rike land har blitt mindre. Til gjengjeld har forskjellene innad i mange land blitt større. […] FNs bærekraftsmål har satt seg som mål at de fattigste 40 prosent av verdens befolkning skal oppnå en større inntektsøkning enn gjennomsnittet i befolkningen. Utdanning, skatt, bedre sosiale ordninger og fagorganisering er områder som vil stå sentralt. Det vil bli en stor utfordring i en verden hvor penger og politisk makt henger tett sammen.
(Lars Andreas Loe i intervju med Norad, sjå Norad, 2016)

Oppgåve

I denne oppgåva skal de bruke metoden 1 + 1 = 3 til å kome på idear til korleis vi kan nå FNs berekraftsmål nummer 10.

  • tid: 20 minutt
  • føremål: finne løysingar som kan bidra til å jamne ut forskjellane i verda

Instruksjon

  1. Gå saman i grupper på fire eller fem elevar.
  2. Vel éin i gruppa til å notere.
  3. Individuelt: Les om FNs berekraftsmål nummer 10 i boksen under.
  4. I gruppa: Diskuter kva de tenkjer at dette målet betyr og inneber.
  5. I gruppa: Vel dykk ut eit land, og bruk 8–10 minutt på å skrive ned idear de kjem på som kan bidra til å jamne ut forskjellane i landet. Hugs at alle forslag er like verdifulle. Ingen idear er dumme. Det er ikkje lov å seie «nei». Alt er mogleg! No er det om å gjere å få fram så mange idear som mogleg.
  6. Bruk 2 minutt på å bli samde om kva for to forslag de har lyst til å dele med klassa.
  7. Gruppene får 1–2 minutt kvar til å presentere dei to forslaga sine for klassa. Sei først kva land de har fokusert på, før de fortel om forslaga dykkar.
  8. Lag ein plakat (digitalt eller på papir) med bilete frå landet «dykkar» og forslaga dykkar til korleis forskjellane kan jamnast ut, og kva det kan ha å seie for innbyggjarane i landet.
FNs berekraftsmål nummer 10: Mindre ulikskap

Redusere ulikskap i og mellom land


Situasjonen i dag
– Ulikskap i og mellom land er ein grunn til bekymring, sjølv om det har vore utvikling. Økonomisk vekst har bidrege til at fleire land har blitt rikare, men har ikkje automatisk ført til mindre fattigdom. Inntektsforskjellen i verda aukar sjølv om 40 prosent av de fattigaste i verda tener betre i dag enn tidlegare.


Kva må til? For å redusere ulikskap i og mellom land må ein ha ei rettferdig fordeling av ressursane i eit land. Dei fattigaste og dei marginaliserte gruppene må få moglegheiter og tenester slik at dei kan skape seg betre levekår. Viktige tiltak er lik tilgang til skule, helsehjelp og gode skattesystem.

Refleksjon i fellesskap

  • Kvifor er det så store forskjellar i verda?
  • Kva vil det bety for oss å jamne ut forskjellane?
  • Kva kan vi som medmenneske bidra med?
  • Kva har du lært av denne oppgåva?

Relatert innhald

Fagstoff
1 + 1 = 3

1 + 1 = 3 er ei øving som trenar opp evna til assosiasjonstenking. Samtidig blir de kjende med berekraftsmåla til FN.

Kjelder

Norad. (2016, 4. oktober). For mye ulikhet er dårleg økonomi. Henta frå https://norad.no/om-bistand/dette-er-fns-barekraftsmal/mal-10-mindre-ulikhet/

FN-sambandet. (2020, 16. juni). FNs bærekraftsmål. Henta frå https://www.fn.no/om-fn/fns-baerekraftsmaal

Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 25.07.2023