Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Personleg- eller massekommunikasjon

Verksemder kan velje personlege eller ikkje-personlege kommunikasjonskanalar for å nå deg som forbrukar. Kva blir meint med personleg kommunikasjon og massekommunikasjon?

Personleg kommunikasjon

Personleg kommunikasjon blir kjenneteikna av direkte kontakt mellom sendar og mottakar. Deltakarane i kommunikasjonen har moglegheit til å gi direkte tilbakemelding, spørje, presisere, forklare og så vidare.

Når ein butikktilsett vender seg til deg i ein butikk, er det eit døme på personleg kommunikasjon.

Personleg kommunikasjon skjer ofte ansikt til ansikt, men mykje personleg kommunikasjon skjer òg via digitale kommunikasjonskanalar.

Mange verksemder tilbyr til dømes chattefunksjonar på nett, der vi som forbrukarar kan chatte med ein kundebehandlar.

Eit anna døme på personleg kommunikasjon kan vere at forbrukarar deler brukarerfaringar med produkt, anten ansikt til ansikt eller på nett, med andre som er interesserte i dei same produkta. Dette er såkalla positiv eller negativ vareprat, eller det som på engelsk blir kalla "word of mouth". Vi stoler ofte på det venner, kjende og andre vanlege brukarar meiner.

Fordelar med personleg kommunikasjon i marknadskommunikasjon kan vere at vi har tid til å gi meir utdjupande informasjon, svare på motførestillingar, lese reaksjonane til mottakaren og respondere med ein gong.

Til dømes har ein seljar moglegheit til å avklare kva behov kvar enkelt kunde har, og kan slik bruke tida si med kunden riktig. Det vil til dømes vere unødvendig å bruke tid på å argumentere for ein produktfordel som kjøparen allereie har akseptert.

Tenk over

Kan det vere nokon ulemper med personleg kommunikasjon i marknadskommunikasjon? I så fall kva?

Massekommunikasjon

Massekommunikasjon har, som namnet tilseier, til hensikt å nå massane. Massekommunikasjon gjer det mogleg å sende ut ein bodskap til mange mottakarar på ein gong. Massekommunikasjon skjer gjennom ikkje-personlege kommunikasjonskanalar, som til dømes TV, trykte medium og radio. Eit viktig kjenneteikn ved desse kanalane er at dei ikkje legg opp til eller gjer det mogleg å ha direkte kontakt mellom avsendar og mottakar.

Eit reklameinnslag i radioen vender seg til ei stor gruppe mottakarar, og det er ikkje vanleg eller mogleg for lyttarane å gi direkte tilbakemelding.

Massekommunikasjon har fleire fordelar. Til dømes kan vi nå ut til mange i målgruppa med marknadskommunikasjon.

Tenk over

Kan du tenke ut fleire fordelar ved å bruke massekommunikasjon i marknadskommunikasjonen?

Ei ulempe ved massekommunikasjon kan vere at det er ein risiko for å bomme på val av kommunikasjonskanal, slik at vi ikkje treffer målgruppa vår. Vi kan heller ikkje gå i dialog med mottakarane dersom dei har innvendingar mot bodskapen vår.

Ulike typar av massekommunikasjon

Reklame

Reklame er ei form for betalt massekommunikasjon, der avsendaren lèt seg identifisere. Formålet med reklame er å vekke merksemd, skape interesse, informere eller selje.

Reklame kan til dømes vere annonsar i trykte medium eller tv-reklame. I 2018 fekk TRY reklamebyrå oppgåva med å revitalisere marknadskommunikasjonen til REMA 1000. Nedanfor kan du sjå ein av reklamane (lengde 1:10).

Tekstbeskriving av reklamefilmen

Ein mann bevegar seg gjennom heimen sin og gir beskjedar til talestyrte, digitale einingar i ulike rom. Han skrur på musikk, set i gang ein smudimaskin, sløkker flammane i peisen og får opplest tidspunktet for ein kalenderavtale hos tannlegen. Vi ser deretter same person i ein tannlegestol der han får ei sprøyte med bedøving.

Så får vi ein scene der personen er utanfor heimen sin igjen. Bedøvinga gjer at han ikkje greier å uttale ord slik han pleier. Den talestyrte dørlåsen skjønner derfor ikkje kva mannen meiner, og han kjem seg ikkje inn i huset. Det regnar kraftig, og han blir våt og kald. Ein nabo går forbi. Dei helsar på kvarandre, og det neste som skjer, er at naboen låser seg inn i huset sitt med ein vanleg nøkkel. Det kjem opp ein tekst på skjermen der det står: "Simplicity is king".

Filmen blir avslutta med at mannen endeleg har komme seg inn i huset sitt og sit med eit pledd framfor peisen. Han forsøker å gi kommandoen "Fire", men den talestyrte assistenten tolkar det som om han seier "Higher", og skrur opp volumet på musikken meir og meir, mens mannen roper mot peisen. Filmen sluttar.

Tenk over

Kvifor trur du at Rema 1000-reklamen blei ein snakkis?

Salsfremjande tiltak

Salsfremjande tiltak er tiltak for å stimulere til sal. Vi kan seie at ein reklame kan gi oss forbrukarar ei grunngiving for å handle, mens salsfremmande tiltak kanskje kan gi oss ein siste "dytt".

Eit døme på salsfremmande tiltak du heilt sikkert har møtt på, er prøvesmaking av mat i matbutikken, til dømes når ein ny pizza eller den nye sommargrillpølsa skal lanserast.

Andre døme på salsfremmande tiltak kan vere butikkarrangement, konkurransar, vindaugsutstillingar, rabattar og prisavslag.

PR

PR er nemninga på den medieomtala ei verksemd, eit produkt eller ein person kan få, som ikkje er betalt av avsendar. Vi kan òg bruke uttrykket fortente kanalar.

PR skjer via ein tredjepart og utan at verksemda betaler for det. Han verkar derfor nøytral og truverdig. Pressekonferansar og pressemeldingar er døme på kva verksemder sjølve kan gjere for å få omtale.

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Live Marie Toft Sundbye.
Sist oppdatert 09.01.2026