Namn på marknader - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Namn på marknader

Vi setter ofte navn på markedene vi retter oss mot, som for eksempel aksjemarkedet, boligmarkedet, bruktbilmarkedet, fruktmarkedet, markedet for skjønnhetspleie og markedet for bistand. Det finnes ingen katalog å slå opp i for å se hva et marked heter. Hvordan skal vi da vite navnet på et marked?

Vi namngir ofte marknadene vi rettar oss mot, som til dømes aksjemarknaden, bustadmarknaden, bruktbilmarknaden, fruktmarknaden, marknaden for venleikspleie og marknaden for bistand. Det finst ingen katalog å slå opp i som seier kva ein marknad heiter. Korleis skal vi då vite namnet på ein marknad?

Innarbeidde og eigendefinerte namn

Marknadsnamn er ofte godt innarbeidde, men somme gonger må du sjølv definere akkurat kva for ein marknad du meiner. Liter-isen til Diplom-Is er til dømes eit produkt som blir tilbydd i marknaden «frosen søtsmak heime». Denne marknaden har Diplom-Is sjølv sett namn på. Nokon gonger kunne vi nok ønskje oss eit oppslagsverk som det under, men det finst altså ikkje.

Kvifor setje namn på marknaden?

Vi seier at ei bedrift «opererer i ein marknad». Kor presist ein vil definere denne marknaden, er opp til kvar enkelt bedrift. Det er viktig å vere medviten om kva for ein marknad ein faktisk konkurrerer i, for då er det lettare å lage ein marknadsførings-strategi som treffer målgruppa.

Skrive av Live Marie Toft Sundbye.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2017