Marknadskommunikasjon av fotballsko - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Marknadskommunikasjon av fotballsko

I denne oppgåva skal du, med bakgrunn i ein film, svare på spørsmål om marknadskommunikasjon av fotballsko og om Torshov Sports kommunikasjonsstrategi.
Video: Cylinder Production AS, Epidemic Sound / CC BY 4.0

Oppgåver:

  1. Sjå filmen over og forklar kva som blir meint med kommunikasjonskanalar, og med omgrepa personleg kommunikasjon og massekommunikasjon.
  2. Forklar kva som blir meint med kjøpte, eigde og fortente kanalar.
  3. Kva kommunikasjonskanalar nyttar Torshov Sport i marknadskommunikasjonen sin?
  4. Forklar kommunikasjonsprosessen som skjer i filmen ovanfor, ved hjelp av Lasswells hugseregel for kommunikasjonsanalyse: «Kven seier kva, til kven, gjennom kva kanal og med kva verknad?»
  5. Forklar AIDAS-modellen, og nytt døme frå filmen.
  6. Gjer greie for korleis influensarmarknadsføring kan vere aktuelt i marknadskommunikasjon av fotballsko.
  7. Vurder korleis Torshov Sport kan nytte programmatisk annonsering og algoritmar i marknadskommunikasjonen sin. Vil du tilrå Torshov Sport dette? Grunngi svaret ditt.
Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2021