Kleshengjar - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kleshengjar

Kleshengjar er ei enkel øving for å trene på kreativitet. Ho eignar seg å gjere før de går i gang med å utarbeide idear. I denne øvinga er det viktig at de er impulsive og kreative.
Video: Film_konsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Tid: minimum 20 minutt

Føremålet med denne øvinga er

  • å få fram mange idear og å trene på at ingen idear er dårlege

Materiell

  • bilete av ein kleshengjar og/eller kleshengjarar i klasserommet som illustrasjon
  • noko å skrive på og med (helst ark og blyant eller penn, men det går òg greitt med ei digital notatblokk)
  • premie til vinnargruppa (for å markere at kvantitet er viktig i kreativt arbeid)

Instruksjon

  1. Elevane blir delte inn i grupper på to eller tre.
  2. Læraren fortel bakgrunnshistoria for øvinga: «Tenk dykk at ein gigantisk kleshengjarfabrikk går konkurs og skulen får tilbod om å ta over heile restlageret. Konkursbuet spør om de har idear til kva denne ressursen kan brukast til. Det er eit ønske å finne veldig mange bruksområde. Fabrikken har produsert kleshengjarar av plast, tre og metall.»
  3. Gruppene får tre minutt på å kome på flest mogleg idear til kva ein kleshengjar – eller fleire kleshengjarar – kan brukast til. Kleshengjarane kan modifiserast eller koplast saman. Det er viktig å fokusere på «ja, og». Det er ikkje lov å seie «nei» eller «ja, men».
  4. Når tida er ute, skal kvar gruppe telje ideane sine.
  5. Læraren ber alle som har over 5 idear, om å rekkje opp handa, deretter alle med 10 idear, 15 idear, 20 idear – til det berre er éi gruppe att. Denne gruppa får ein liten premie. Premien kan vere symbolsk, men det er viktig at dette blir markert.
  6. Læraren ber vinnargruppa lese opp alle ideane sine. Deretter ber læraren dei andre gruppene velje ut nokre idear dei kan lese opp. (Det er viktig å involvere alle.) Denne delen kan ta tid med mange grupper, så her må ein tilpasse ut frå kor lang tid ein har.
  7. Refleksjon: Det er viktig å reflektere saman over kva de har gjort i denne øvinga, kvifor de har gjort det, og korleis de kan bruke øvinga i ulike samanhengar.

    Døme på refleksjonsspørsmål:
  • Kor mange ulike idear fann klassen totalt sett?
  • Vil det bli betre kvalitet på den ideen som til slutt blir vald, dersom gruppa kjem på mange idear, enn dersom den kjem på få idear?
  • Kva tenkjer de at de lærer av denne øvinga?
  • Kvifor er det viktig å trene på kreativitet?
  • Korleis kan dette vere nyttig trening for arbeid med ulike prosjekt?
  • Korleis og når kan denne øvinga vere nyttig i andre samanhengar (på skulen, på fritida, osv.)?
Skrive av Ungt Entreprenørskap.
Sist fagleg oppdatert 21.02.2020