Kjøpe ny telefon, eller byte skjerm? - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Kjøpe ny telefon, eller byte skjerm?

Det er freistande å kjøpe ny og enda betre telefon dersom skjermen eller batteriet går på den gamle. Er det mykje pengar å spare på å prøve å halde liv i den gamle ved å reparere han?

Innleiing

Vi samanlikner prisar på telefonar og delar/reparasjonar mellom mobilprodusentane Fairphone og Apple (men vi kunne valt andre).

Startoppgåver

  1. Gå til nettsida til Fairphone. Kva er Fairphone?

    Kommentar

    Selskapet Fairphone produserer og sel mobiltelefonar. Dei seier at dei er meir medvitne når det gjeld val av materiale i telefonane og vilkåra for arbeidarane i dei ulike ledda i verdikjeden til telefonen (enn andre mobilprodusentar). Selskapet er ikkje dei einaste mobilprodusentane som seier dette. Kanskje du veit om andre mobilprodusentar som prøver å halde ein høg miljøprofil?

  2. Korleis profilerer Apple seg med tanke på miljø og arbeidsvilkår? Sjå til dømes informasjonssidene til selskapet.

    Kommentar

    Apple satsar på resirkulering av telefonar og av materiala i telefonane. Dei óg marknadsfører seg på å ha rettvise vilkår for arbeidarane i produksjonskjeda.

Hovudoppgåver

Det kan lønne seg å løyse desse oppgåvene med eit rekneark.

  1. Vel deg ut ein Iphonemodell og ein Fairphonemodell. Kva kostar desse telefonane? (For å få riktige prisar på Fairphone må du kontrollere at Noreg er valt som land på nettsida.)
  2. Gå ut ifrå at du skal ha telefonen i 6 år. Gå også ut ifrå at du i løpet av denne tida (til dømes etter 3 år) må byte batteri og skjerm éin gong kvar. Finn ut kva det kostar å gjere dette for dei to telefonane.
  3. Kva blir kostnadene dersom du i staden for å reparere kjøper ny telefon etter 3 år? Finn dette ut for begge telefonane.
  4. Kva lønner seg mest for deg? Kor mykje kan du spare ved å velje det billegaste alternativet?
  5. Vurder kva for alternativ som er best for miljøet.
  6. Lag ei eigna grafisk framstilling av resultata dine.
Skrive av Bjarne Skurdal, Viveca Thindberg og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 22.11.2019