Kvifor definere marknader? - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kvifor definere marknader?

Er det nødvendig å bruke tid og krefter på å definere ein bestemt marknad? Kan vi ikkje berre produsere produkta våre i fred, så får dei som vil, kjøpe dei? Vel – vi kan la vere å ha ein gjennomtenkt strategi, men finst det ein god grunn til å la det gå på slump om vi skal lykkast eller ikkje?

Eit grunnlag for strategiske val

Det finst nokre få tilfelle der marknaden er tydeleg definert i utgangspunktet, som til dømes aksjemarknaden. Men for dei fleste bedrifter er det heilt nødvendig å definere kva for ein marknad dei skal vere i. Dei må kjenne både kundane og konkurrentane sine slik at dei kan velje dei rette strategiane for prispolitikk, reklame og kommunikasjon, produktutvikling og distribusjon.

Ei hjelp i marknadsføringsarbeidet

Når vi har definert marknaden vi er i, har vi også avklart kva rolle bedrifta har. Vi veit kven vi skal marknadsføre oss overfor, og kven vi skal konkurrere mot. Då kan vi lettare setje oss konkrete mål for marknadsføringsarbeidet. Til dømes er det langt enklare å utvikle ein reklamebodskap dersom vi har avgrensa målgruppa godt. Ein pensjonist treng som oftast ei heilt anna form for kommunikasjon enn ein trettiåring eller ein skuleelev.

For ei bedrift er det umogleg å vere god på «alt» eller å vere noko for «alle». Då blir resultatet gjerne middelmåtig på dei fleste område, og vi risikerer at vi ikkje når nokon som helst. Derfor legg vi det beste grunnlaget for å lykkast når vi avgrensar marknaden vår skikkeleg.

Skrive av Live Marie Toft Sundbye.
Sist fagleg oppdatert 19.10.2017