Helseskadeleg produksjon av klede

For å produsere éi enkelt T-skjorte går det med cirka 1 400 liter vatn. Det svarer til meir enn ti fulle badekar. Bomull er nemleg ein veldig tørst plante, og kleda våre kan dermed ha ein svært negativ påverknad mellom anna på miljøet. Det blir òg brukt mykje kunstgjødsel og sprøytemiddel på bomullsmarkene.
Du har sikkert ikkje høyrt om Aralsjøen, men det er ein innsjø i Usbekistan. Tidlegare var han den fjerde største innsjøen i verda, men han har no krympa til cirka ein femtedel av den opphavlege storleiken sin. Tekstilindustrien forgiftar vassforsyninga til millionar, og bomullsdyrking har nesten tørka ut Aralsjøen.

Dei fleste jeansane vi kjøper her i Vesten, er laga i Austen, til dømes i Kina eller Bangladesh. Desse landa er kjende for tekstilfabrikkane sine, og arbeidskrafta er ofte billeg. Mykje av produksjonen av jeans er helseskadeleg for arbeidarane og miljøet. Det er dermed fleire etiske og berekraftige problemstillingar knytte til produksjon av klesplagg, som til dømes jeans.

Veit vi eigentleg kva behovet vårt for moteriktige jeans påfører andre? I dokumentaren nedanfor kan vi lære meir om dette.