Oppgåve
Video
Bruk AIDAS-modellen
I denne oppgåva skal du nytte AIDAS-modellen til å analysere ein reklameannonse og ein reklamefilm for Lerum.
Oppgåve 1
Forklar, med eigne ord, kva som blir meint med AIDAS-modellen.
Oppgåve 2
- Gjer greie for kva grep du meiner Lerum har gjort i reklameannonsen nedanfor for å skape merksemd og interesse hos målgruppa. Vis til konkrete døme.
- Vurder i kva grad du meiner reklameannonsen er utforma på ein formålstenleg måte med tanke på å få målgruppa til å ønskje og kjøpe produktet. Grunngi.

Reklameannonse frå Lerum
Oppgåve 3
- Gjer greie for kva grep du meiner Lerum har gjort i reklamefilmen nedanfor (lengde 0:45) for å skape merksemd og interesse hos målgruppa. Vis til konkrete døme.
- Vurder i kva grad du meiner reklamefilmen er utforma på ein formålstenleg måte med tanke på å få målgruppa til å ønskje og kjøpe produktet. Grunngi.
Reklamefilm frå Lerum. Video: Lerum / Avgrensa gjenbruk
Oppgåve 4
Tenk deg at du har fått i oppdrag å ta ansvar for Lerums marknadskommunikasjon for ein ny type eplenektar med eit ungdommeleg design på flaskene.
Vurder kva kommunikasjonskanalar du ville ha nytta i marknadskommunikasjonen for den nye eplenektaren.
Lag forslag til utforming av bodskap og eventuelt slagord. Lag gjerne ei skisse for designet av flaska òg.
Relatert innhald
Marknadsføringsmodellen AIDAS
Ei kort innføring i marknadsføringsmodellen AIDAS.
Kva ønskjer vi å seie til målgruppa vår?
For å nå målgruppa må vi ha ein bodskap og utforme annonsane slik at dei blir lagde merke til. Målgruppa skal ønskje å vite meir eller ønskje å kjøpe.