Adopsjonsprosessen
Adopsjonsprosessen er prosessen ein forbrukar går gjennom frå eit nytt produkt er introdusert på marknaden til det er akseptert eller forkasta.
Adopsjonsprosessen for eit nytt produkt treng ikkje nødvendigvis å leie til eit kjøp. I denne samanhengen kan eit nytt produkt vere både nye varer, tenester og idéar. Nokre produkt blir raskt aksepterte av forbrukarar, mens andre aldri slår gjennom.
Tenk over
Når prøvde du sist eit nytt produkt du likte så godt at du heldt fram med å bruke det?
Dei fem trinna i adopsjonsprosessen er
merksemd
interesse
vurdering
prøve
adopsjon
Merksemd
Merksemd er det første trinnet i adopsjonsprosessen. Om forbrukaren ikkje er klar over at det finst eit nytt produkt, vil han eller ho heller ikkje vere i stand til å meine noko som helst om produktet. Marknadsførarar må derfor sørge for at målgruppa blir gjord merksam på at det nye produktet eksisterer.
Marknadskommunikasjon er viktig for å skape merksemd om eit nytt produkt. Med marknadskommunikasjon meiner vi overføring av ein marknadsføringsbodskap frå ei verksemd til ein mottakar. I dette tilfellet er det nye produktet marknadsføringsbodskapen, og mottakaren er målgruppa.
Interesse
Produktet må oppfattast som så interessant at forbrukaren ønsker å vite meir om det, ved til dømes å søke etter informasjon på nett.
Marknadsførarar må i denne fasen av adopsjonsprosessen finne ut kva målgruppa er interessert i. Denne innsikta må dei så bruke i marknadsføringa si av det nye produktet.
Vurdering
Forbrukaren vurderer om produktet eller idéen er verd å prøve.
Marknadsføraren må i denne fasen prøve å overtyde forbrukaren. Eigenskapane ved produktet, som er viktige for målgruppa, må komme tydeleg fram.
Prøve
Det å kunne prøve eit nytt produkt kan vere viktig for å finne ut om produktet er noko for deg. Du har sikkert blitt tilboden ein smaksprøve i daglegvarebutikken eller kanskje ein liten gratisprøve av ein ny parfyme på eit parfymeri.
Er det ikkje mogleg å fysisk prøve produktet, kan kanskje bruk av VR-briller eller film bidra til at du kan "prøve" det likevel. I videoen under (2 min) kan du sjå ei prøvekøyring av ein sjølvkøyrande bil frå Tesla. (Eit tekstsamandrag av filmen er tilgjengeleg under.)
Adopsjon
Adopsjonsprosessen endar med adopsjon dersom forbrukaren, etter å ha gått gjennom alle fasane, framleis er positiv og derfor aksepterer produktet.
Tenk over
Kva trur du kan vere årsaka til at nokon nye produkt, som til dømes nye Apple-produkt eller ein ny type Tesla-bil, kan bli adopterte allereie før dei kjem i sal?