Varmekabel - Energi- og styresystem (EL-ELE vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Varmekabel

Varmekabel blir nytta til mange forskjellige formål, som til dømes oppvarming av bustad, frostsikring og snøsmelting. Her konsentrerer vi oss om oppvarming av bustad.

Det finst varmekabelmatter, varmekabel integrert i parkett og så vidare. Her tek vi for oss den tradisjonelle varmekabelen som du kan kjøpe i ferdige element eller i metervare.

Det er mange fordelar med varmekabel. Han

  • gir komfortabel oppvarming
  • er driftssikker
  • er vedlikehaldsfri
  • gjer at bustaden aukar i verdi
  • gir jamn varmefordeling
  • eignar seg i dei fleste rom og for dei fleste golv
  • gir høg grad av brann- og el-tryggleik
  • er usynleg
  • gir betre plass samanlikna med veggmontert varme

Skjult varme

Varmekabel, og installasjon av denne, blir kalla skjult varme. Når vi installerer slik skjult varme, må vi rette oss etter forskrifter og normer. Her er to av desse:

Skrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 13.03.2018