Å montere varmeomn - Energi- og styresystem (EL-ELE vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Å montere varmeomn

I dette læringsoppdraget skal du berekne og kople opp to ulike varmeinstallasjonar. Du skal installere skjult og ope. I tillegg skal du utarbeide anleggsdokumentasjon

Desse installasjonane skal du gjere i læringsoppdraget

  • reflektoromn styrt med reguleringsvendar
  • gjennomstrøymingsovn styrt med termostat

Reflektoromnen monterer du som open installasjon, mens gjennomstrøymingsovnen monterer du som skjult installasjon.

Ta utgangspunkt i soverom 3 på teikninga. Finn varmebehovet (sjå relatert artikkel nedst om du er usikker på dette), vel aktuell gjennomstrøymingsomn, og plassar han formålstenleg. Grunngi alle vala du gjer.

Relevante moment å tenkje på

Anleggsdokumentasjon

  • Hugs installasjonsteikning med symbol, symbolbokstavar og rett tal på leiarar i kablar/røyr. Hugs forskjellen på installasjonsteikningar for skjult og open installasjon.
  • Hugs koplingsskjema med symbol, tilkoplingar og fargekodar.

Materialliste

  • Fullfør og sluttfør materiallista. Her må du hugse å skilje mellom utstyr du bruker på skjult installasjon, og utstyr du bruker på open installasjon.

Fagmessig utføring

  • Det er viktig å montere installasjonen fagmessig. Her er det viktig å følgje norma. Dokumenta viser til forskrifter og normer og til den tekniske spesifikasjonen frå produsenten. Desse er viktige å følgje når du installerer varme i ein bustad.

Setje omnane i drift

  • Å setje i drift er å sjå til at installasjonane overheld gjeldande forskrifter, normer og estetiske krav.
  • Funksjonstest anlegget.
  • Sjekk at installasjonen er sikker, både for brukarar og for dei som arbeider med han.

Relatert innhald

Fagstoff
Sluttkontroll

Her er nokre døme på elektriske målingar du skal gjere i samband med sluttkontrollen.

Fagstoff
Varmeberekning

Framgangsmåte for varmeberekning av eit rom i ein bustad.

Skrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 05.12.2018