Radiosignal
Film: Radiosignal
Trådlaus kommunikasjon er overalt rundt oss. Men kva er radiosignal, korleis blir dei overførte, og kva betyr omgrep som frekvens, beamforming (stråleforming), direksjonelle og omnidireksjonelle antenner? Det går vi gjennom i filmen under (lengde 3:49).
Oppgåver
Kor mange radiosendarar eller einingar som reagerer på radiosignal, har du med deg på skulen i dag?
Kva er ei direksjonell antenne, og korleis er denne annleis enn ei omnidireksjonell antenne?
Når vi skal beskrive eit radiosignal, er frekvens ein viktig del av beskrivinga. Kva er ein frekvens?
Radiosignal kan sendast over eit breitt spekter av frekvensar. Kvifor bruker vi låge frekvensar for nokre typar radiosignal og høge for andre? Kan du gi nokre døme?
Kvifor er beamforming-teknologi (stråleforming) viktig for framtidige mobiltelefonnettverk?
Ekstraoppgåver
Korleis fungerer RFID, og kvifor er dette systemet annleis enn dei fleste andre radiosystem?
Kva er forskjellen på ioniserande og ikkje-ioniserande stråling?
GPS og DAB er system som bruker radiosignal. Kva har desse til felles som er ulikt frå radiosignalet frå ein walkietalkie, wifi eller 4G?
QAM er namnet på ein modulasjonsteknikk med fleire nivå som er brukte både på wifi, 4G og 5G. Gjer undersøkingar og beskriv kort korleis QAM kodar informasjon, og korleis dei forskjellige nivåa fungerer.