Hopp til innhald
Fagartikkel

Seriekopling – grunnleggjande elektroteknikk, likestraum

Koplar vi to motstandar etter kvarandre i ein krins, vil den totale resistansen i krinsen vere lik summen av resistansen til kvar av motstandane. Vi skal sjå på nokre rekneeksempel.


Totalresistans i seriekopling

Totalresistansen i ei seriekopling blir lik summen av motstandane.

R = R1 + R2 + R3 + R4 + …

R = totalresistansen i krinsen

Døme:

I ein krins seriekoplar vi to resistansar, R1 = 10 Ω og R2 = 12 Ω.
Kor stor blir den totale resistansen i krinsen?

R = R1 + R2 10 Ω + 12 Ω = 22 Ω

Til den same krinsen koplar vi ein tredje motstand, R3 = 50 Ω i serie med dei to andre. Kor stor er no den totale resistansen i krinsen?

R = R1 + R2 + R3 10 Ω + 12 Ω + 50 Ω = 72 Ω

Straum i seriekopling

Straumen i ei seriekopling er lik i alle delar av krinsen. Årsaka til dette er at straumen berre har éin veg å gå i krinsen.

I = IR1 = IR2

Spenning i seriekopling


Summen av alle delspenningane i ein seriekrins er lik den spenninga som krinsen er kopla til.

U = UR1 + UR2 + UR3 + UR4 + …

Døme:

To motstandar er seriekopla, R1 = 10 Ω og R2 = 20 Ω. Vi har kopla til ei spenning på U = 24 V.

Kor stor spenning vil du måle over R1?

Den totale resistansen i krinsen R = R1 + R2 10 Ω + 20 Ω = 30 Ω

Straumen i krinsen er:

I = UR  24 V30 Ω = 0,8 A

Spenninga eg vil måle, er UR1 = R1 × I 10 Ω × 0,8 A = 8 V

Kor stor spenning vil du måle over R2?

Spenning eg vil måle, er UR2 = R2 × I 20 Ω × 0,8 A = 16V

eller

UR2 = U – UR1 24 V – 8V = 16 V


Døme:

I ein seriekrins av tre motsandarar R1, R2 og R3 blir delspenningane målte til
UR1 = 12 V, UR2 = 12 V og UR3 = 12 V. Kor stor spenning er seriekrinsen tilkopla?

U = UR1 + UR2 + UR3 12 V + 12 V + 12 V = 36 V

Har resistansen R1, R2 og R3 same motstandsverdi, eller kan dei vere ulike?

Då straumen i ein seriekrins alltid er den same og spenninga over ein motstand er produktet av straumen og resistansen, må R1=R2=R3 fordi spenningane over dei var den same UR1 = UR2 = UR3.

Straumen i seriekrinsen blir målt til I = 1 A. Kor stor er kvar av resistansane i krinsen?

R1 = R2 = R3  UR1I  12 V1 A = 12 Ω

Skrive av Odd Ståle Vikene og Magnar Lynglund.
Sist fagleg oppdatert 14.07.2017