Nettverkslagring - Elektroniske krinsar og nettverk (EL-ELE vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Nettverkslagring

Vi har moglegheita til å kople til diskar som er delte på nettverket. For å kunne gjere dette må vi ha tilgang til den mappa eller disken som skal delast. Vidare er det ein enkel prosess å kople seg opp mot denne.

Forskjell på bruken av nettverksdisk og ekstern harddisk

Det er som regel stor forskjell på bruken av nettverksdiskar og eksterne harddiskar. Nettverksdiskar er noko vi assosierer med bedrifter og organisasjonar, der bruken skjer automatisk ved hjelp av det som blir kalla påloggingsskript eller automatisert oppkopling av nettverksdiskar. Dette blir brukt i samband med ekstern lagring av bedriftsdata, personlege data relaterte til jobb og annan type lagring som krev stor lagringskapasitet.

Eksterne diskar er noko som er meir vanleg for privat bruk, der vi kan lagre data som vi ønskjer å oppbevare, anten som ei form for backup eller fordi vi ønskjer mobilitet. Det er enklare å ta med seg små eksterne diskar mellom stader, og vi får moglegheita til å ha fleire kopiar av same dataa. Fotografar og musikkentusiastar bruker gjerne dette mykje.

Fordeler og ulemper

Det finst fordelar og ulemper med begge alternativa. Nettverksdiskar er som regel berre tilgjengelege på jobb eller med tilkopling til nettverket på arbeidsplassen, men har på si side betre tryggleik, og det blir oftare teke backup.

Eksterne diskar er ofte utsette for større fysiske påkjenningar og toler mindre belastning enn nettverksdiskar. Det er behov for å ta backup av data oftare, og diskane varer gjerne kortare enn det nettverksdiskar gjer.

Rettshavar: Arena IKT
Sist fagleg oppdatert 25.08.2017