Nettverksinstallasjon - Elektroniske krinsar og nettverk (EL-ELE vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Nettverksinstallasjon

Dersom det er snakk om ein heilt ny nettverksinstallasjon, må også den fysiske nettverksinstallasjonen designast og planleggjast.

Viktige spørsmål å få avklart i samband med dette er:

  • Kva nettverkstopologi skal nettverket ha? (Korleis skal til dømes nodar i datanettverket koplast saman med kablar, og kvar skal dei plasserast i bygget?)
  • Kva slags kabel skal nettverket bruke?
  • Kor mange tilkoplingspunkt for maskiner og utstyr skal nettverket ha?
  • Korleis skal nettverkskablane trekkjast?
  • Kvar skal tilkoplingspunkta plasserast?
  • Kva slags nettverksutstyr er det behov for?
  • Kvar skal nettverksutstyr plasserast?
  • Kvar skal tenarar plasserast?
  • Kvar skal nettverksskrivarar og anna tilkopla utstyr plasserast?
  • I eit kontorlandskap blir ofte kablar for telefoni (ofte Cat.5) lagde saman med nettverkskablane, gjer ei vurdering av tilkoblingpunktar, trekking og telefonsentral i samband med dette.

Merk at nettverksdesign krev kunnskap som går utover pensum for den vidaregåande skulen, og det bør derfor gjerast i samarbeid med ein nettverksdesignar. Vidare bør den fysiske kablinga som regel overlatast til eit kabelinstallasjonsfirma.

Kabeltypar

Ein vanleg brukt kabeltype for lokalnettverk er tvinna parkabel kategori 5, men over lengre avstandar kan det vere aktuelt å bruke fiberkabel eller koaksialkabel. Fiberkabel blir også ofte brukt mellom nettverksutstyr og til tenarar for å auke farten i nettverket og responstida frå tenarar.

Nettverksutstyr

Nettverksutstyr er alt utstyr som blir brukt til det fysiske kabelnettet. Det kan omfatte hubar, rutarar, bruker og svitsjar. Behovet for og valet av nettverksutstyr er avhengig av fleire faktorar, blant anna:

  • Kva slags nettverkstopologi nettverket har?
  • Kor mange segment (delar) nettverket skal delast opp i?
  • Kva slags kabel nettverket bruker?
  • Kor lang avstanden mellom ytterpunkta i nettverket er?
  • Kor mange nodar (maskiner eller anna utstyr) som skal koplast til?
  • Korleis den fysiske plasseringa av maskiner og utstyr er?
  • Kva fart dataoverføringa i nettverket skal ha?
  • Kva tryggingskrav det er til nettverket?

Ved trekking av nettverkskabel og plassering av nettverksutstyr må vi også ta omsyn til eventuelle bygningstekniske krav eller avgrensingar. Det kan til dømes vere brannvegger som det ikkje er lov til å trekkje kabel gjennom, eller behov for ventilasjon i skap eller rom der nettverksutstyr skal stå.

Skrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 25.10.2018