If-setningar med fleire vilkår - Elektroniske krinsar og nettverk (EL-ELE vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

If-setningar med fleire vilkår

Nokre gonger kan det vere behov for å sjekke om fleire vilkår er oppfylte. Då bruker du dei logiske operatorane OG og ELLER.

Og/and

Dersom vi skal kombinere fleire vilkår der alle må vere oppfylte, kan vi bruke den logiske operatoren og (and på engelsk). Dette gjer vi ved å skrive && mellom uttrykka vi skal sjekke. Nedanfor kan du sjå eit eksempel på ei if-setning der and-operatoren blir brukt.

Javascript
1if (alder >= 18 && legitimasjon == true) {
2    
3    // Kode som blir køyrt dersom vilkåra er sanne
4
5}

I dette eksempelet skal du lese uttrykket slik:

Viss alder er over eller lik 18 og legitimasjon er sann.

Eller/or

Dersom du skal kombinere fleire vilkår der minst eitt må vere oppfylt, kan vi bruke operatoren eller (or på engelsk). Dette gjer vi ved å skrive || mellom uttrykka vi skal sjekke. Nedanfor kan du sjå eit eksempel på ei if-setning der or-operatoren blir brukt.

Javascript
1if (alder >= 18 || hogde >= 180) {
2    
3    // Kode som blir køyrt dersom vilkåra er sanne
4
5}

I dette eksempelet skal du lese uttrykket slik:

Viss alder er over eller lik 18 eller høgde er over eller lik 180.

Skrive av Jan Frode Lindsø.
Sist fagleg oppdatert 27.02.2020