Korleis blir vi spora på nett? - Elektroniske krinsar og nettverk (EL-ELE vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Korleis blir vi spora på nett?

Når du besøkjer ei nettside, får tredjepartsaktørar informasjon om besøket. Føremålet kan til dømes vere at aktørane vil skreddarsy reklame, lage statistikk eller rett og slett overvake deg. I praksis blir vi derfor i stor grad spora når vi surfar på nettet.

Kvar einaste dag bruker vi mange nettsider og tenester på nettet. Nokre av desse betaler vi for å bruke. Andre betaler vi ikkje direkte for. Så korleis tener bedriftene bak desse sidene pengar? Det gjer dei gjennom reklame og ved å selje informasjon om deg og nettvanane dine.

If you are not paying for it, you're not the customer; you're the product being sold. Andrew Lewis (2010)

Sitatet set ting litt på spissen, men det er mykje sanning i det òg. For når du bruker gratistenester, og i mange tilfelle òg betalingstenester, blir du spora. Sporingsinformasjonen blir mellom anna brukt for å lage skreddarsydd reklame til deg. Denne forma for reklame har større sjanse til å få deg til å kjøpe noko enn vanleg, generell reklame.

Sporing på nettet har utvikla seg mykje dei siste åra. Nokre av dei eldre metodane for sporing, til dømes bruk av informasjonskapslar (cookies) i nettlesaren, er i dag vanskelegare å bruke til sporing. Det kjem av at nettlesarane kan blokkere dei. Samtidig dukkar det opp nye metodar. Det blir samla inn stadig meir informasjon, og han blir stadig meir nøyaktig.

Sporingsdata om éin enkelt person ikkje er verd mykje pengar. Men med milliardar av menneske på nett er marknaden for slike data enorm.

Korleis er sporing mogleg?

Sporing på nettet skjer på ulike måtar. Under ser du eit døme på sporinga som blir gjort når du besøkjer vanlege nettsider i løpet av ein periode på 20 minutt.

Når du opnar ei nettside, hentar nettlesaren først ned ei HTML-fil. Denne fila inneheld ei beskriving av korleis sida skal visast (layout). I tillegg inneheld ho informasjon om kvar alle elementa som skal visast, kan hentast frå. Nettlesaren kontaktar så dei ulike serverane (viss det er fleire enn éin) og ber om dei ulike ressursane. Når ressursane kjem tilbake, blir dei sette saman, og du får sjå nettsida.

Ei viktig årsak til at nettsider blei populære og framleis blir brukte i stort omfang, var moglegheita for å bruke lenkjer og for å hente innhald/element frå ulike kjelder og setje dei saman til ei nettside. Sidan HTML-sidene som blir brukte, fortel nettlesaren kva han skal hente ned, er det lett å få nettlesaren til å kontakte tredjepartsserverar, som så kan spore aktiviteten din.

I animasjonen under kan du sjå korleis ei nettside blir lasta inn i ein nettlesar frå start til slutt.

Kor mykje blir vi spora?

Grada av sporing avheng av kva tenester og nettsider vi bruker. Ikkje alle sporar og sel data om brukarane sine. Men sjølv om ei nettside ikkje gjer det direkte, kan bruk av eksterne tenester føre til at data likevel blir samla inn.

Eit døme på dette er viss ei nettside bruker Facebook, Google eller andre tenester til pålogging. Då får Facebook og Google data om pålogginga di, og denne informasjonen kan dei bruke. Det same gjeld sider som har delingsknappar til sosiale medium. Når ei nettside bruker slike eksterne tenester, gir ho òg tilgang til sporing.

Dei siste åra har det vist seg at mange appar er verstingar når det gjeld innsamling og sal av brukarinformasjon. Etter at appar i mange år har kunna hente ned informasjon om brukarane ganske fritt, har operativsystema i telefonane no blitt betre, og brukarane må ofte gi appane spesifikt løyve til å sjå bestemte typar informasjon. Likevel er appar framleis ei viktig kjelde til sporing. Eit døme på slik sporing blei avslørt av NRK våren 2020.

Eit lite eksperiment du kan gjere

Gå til ein søkemotor (til dømes Google), og søk etter ei vare du aldri har brukt/kjøpt tidlegare. Besøk ulike nettbutikkar som har denne vara. Opne spesifikasjonane til vara. Gå til nettsida til produsenten. Lukk så alle fanene som du brukte til søka dine.

Får du reklame for den typen vare du søkte etter, i dagane som kjem? Legg merke til at reklamen sannsynlegvis vil dukke opp på sider du bruker (men som du ikkje brukte då du søkte etter vara). Kanskje dukkar det opp reklame for vara i sosiale medium eller appar du bruker?

Korleis kan vi unngå sporing?

Det er vanskeleg å unngå sporing på nettet i dag. Men det finst ting du kan gjere for å redusere sporinga.

Val av nettlesar

Ulike nettlesarar fokuserer på ulike ting, og nokre tek sporing meir på alvor enn andre. Sidan nettlesarane er i stadig utvikling, må du sjølv undersøkje kva som er best for deg.

Bruk av nettlesarutvidingar for sporingsblokkering

Til dei fleste nettlesarar finst det utvidingar som beskyttar meir fullstendig mot sporing. Døme på dette er Ghostery for Safari og Privacy Badger for Firefox, Edge og Opera.

HTTPS everywhere er ei anna nettlesarutviding du kan vurdere. Denne sikrar at mest mogleg av trafikken gjennom nettlesaren og webserverane går via kryptert HTTPS. Dette gjer at informasjonen som blir send, ikkje så lett kan avlesast undervegs.

Bruk av alternative søkemotorar

I januar 2020 hadde Google 92 % av den globale marknaden for nettsøk. Dette er eit ekstremt høgt tal og problematisk på fleire måtar. Ved å bruke ein alternativ søkemotor som er spesialisert på å hindre sporing, kan du unngå mykje sporing på nett. Døme på slike søkemotorar er duckduckgo.com og startpage.com.

Få oversikt over sporinga som skjer

Det finst både programvare, appar og nettlesarutvidingar som kan hjelpe deg med å få oversikt over sporinga som skjer, og kva informasjon nettlesaren gir frå seg. Døme på dette er Disconnect og AmIUnique.

Bruk av VPN-tunnelar

Ein VPN-tunnel (Virtual Private Network) er ein type programvare som lagar ei sikker og kryptert datatilkopling mellom maskinen din og ein server på nett. Førespurnader frå maskinen din går då via tunnelen og serveren. Dette kan hjelpe deg med å skjule IP-adressa di og dermed gjere deg vanskelegare å spore.

VPN-tunnelar er òg nyttige viss nettilgangen i eit område er overvaka av lokale styresmakter, eller viss tenester du bruker, er sperra i eit område. (Ver merksam på at det i enkelte område er ulovleg å bruke slik programvare.)

Relatert innhald

Skrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 16.06.2020