DHCP - Elektroniske krinsar og nettverk (EL-ELE vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

DHCP

Når PC-ar, mobiltelefonar og andre einingar skal koplast til nettverk, må dei ha ei unik IP-adresse i nettverket. Dei treng òg informasjon om subnettmaske, gateway og DNS-adresse for å kunne bruke internett. DHCP gir einingane denne informasjonen automatisk.

DHCP (Dynamic Host Configuration Protocol) er ei teneste som er sett opp i dei fleste nettverk. Tenesta gjer det mogleg for einingar å kople seg til nettverket utan å vere førehandskonfigurerte med IP-adresse og informasjon om subnettmaske, gateway og DNS-adresse. Vi kallar ofte dette å bruke dynamisk IP-adresse. Alternativet er å leggje all slik informasjon inn på kvar eining manuelt. Det blir kalla statisk IP-adresse. I nettverk kan begge delar brukast. Til dømes har serverar og nettverksutstyr ofte statisk IP-adresse.

I små heimenettverk og mindre bedriftsnettverk er det ofte ruteren i nettverket som leverer DHCP-tenesta. I større nettverk, spesielt nettverk med domenekontrollarar, er DHCP-tenesta tilordna ein eigen server eller ei eiga teneste som køyrer på ein server.

I animasjonen under kan du sjå eit døme på kommunikasjon mellom ei maskin som koplar seg til nettverket, og DHCP-serveren som køyrer på ruteren i nettverket.

Rekkjefølgja i DHCP-prosessen

1. Discovery

Maskina som koplar seg til nettverket (klient), sender ei Discovery-datapakke ut i nettverket. Pakka er adressert slik at ho blir send til alle einingar i nettverket. Einingar som ikkje er ein DCHP-server, vil forkaste datapakka. DHCP-serveren vil ta imot ho.

2. Offer

DHCP-serveren vil finne ei ledig IP-adresse frå ein intern tabell og sende denne og annan informasjon til klienten som ei Offer-datapakke. For at pakka skal kome fram til rett mottakar, bruker DHCP-serveren MAC-adressa til klienten, som er ei unik og permanent adresse kvart nettverkskort har.

3. Request

Klientmaskina sender ei ny datapakke ut i nettverket for å be om stadfesting på at ho skal bruke informasjonen ho fekk i Offer-pakka. Denne får DHCP-serveren.

4. Acknowledge

DHCP-serveren stadfestar adressa ved å sende ho på nytt til klienten med ei Acknowledge-datapakke.

Når klienten får informasjonen, vil han bruke han til å kunne fungere i nettverket og få internett-tilgang.

Vanleg informasjon HDCP-serverar gir til klientar

  • IP-adresse som klienten skal bruke. Denne adressa er unik i nettverket.
  • Subnettmaska til nettverket. Denne fortel klienten kva IP-adresser som er innanfor det lokale nettverket, og kva IP-adresser som berre kan nåast gjennom ruteren.
  • Gateway er adressa til ruteren i nettverket. Ruteren koplar saman nettverk, til dømes for å få tilgang til internett.
  • DNS-adresse fortel klienten kvar han skal spørje viss han skal gjere DNS-oppslag.
  • DHCP-leasetime fortel klienten kor lenge han kan ha IP-adressa før han må be om fornying. Føremålet er å frigjere IP-adresser som ikkje har vore i bruk på ei stund.
  • IP-adressa til DHCP-serveren. Dette er nyttig informasjon for feilsøking.
Skrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2020