Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Miljø og berekraft innan IT

Fagstoff
Lyd

Podkast: Gründerverksemd og berekraft

I podkasten Gründerverksemd og berekraft frå 2020 får vi høyre Sophie Wiik si gründerreise med Too Good To Go, ein marknadsplass for overskotsmat for å kjempe mot matsvinn. Kva med å høyre på podkasten mens du går ein tur eller kanskje set deg ut i sola? God lytt!

Om Sophie Wiik

Sophie er leiar for forretningsutvikling i Svanemerket, Nordens offisielle miljømerke. Her har ho ansvaret for å auke tilbod og etterspørsel etter svanemerka produkt og tenester i både forbrukarmarknaden, næringslivet og offentleg sektor.

Sophie Wiik var tidlegare med på å starte Too Good To Go i København i 2015, som no er den største nettbaserte marknadsplassen i verda for overskotsmat. Du kan høyre meir om Sophie Wiik si spennande gründerreise med fokus på berekraft i podkasten nedanfor (lengde 21:05).

Gründerverksemd og berekraft

0:00
-0:00
Lyd: Både Og / CC BY-SA 4.0

Diskusjonsspørsmål til podkasten

  • Kva er gjennomgåande i Sophie Wiik sitt gründerskap?

  • Kva meiner Sophie Wiik er den største forretningsmoglegheita i verda? Tenker de det same? Kvifor / kvifor ikkje?

  • Kva meiner vi med "grøn innovasjon", og korleis blir dette definert i podkasten?

  • Kva for råd har Sophie Wiik å gi til grøne innovatørar?

  • Korleis er fokuset på berekraftig gründerverksemd i dag?

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 16.01.2026