Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Miljø og berekraft innan IT

Fagstoff
Video

Energiformer

Vi knyt ofte omgrepet energi til elektrisk straum, men energi kan vere så mangt. Energi kan endre form, men han kan ikkje oppstå eller forsvinne.
Video: Klipp og Lim / CC BY-SA 4.0

Refleksjonsspørsmål

  • Sidan energi ikkje kan skapast eller øydeleggjast, berre gjerast om til andre former, kvifor snakkar vi då om å spare energi?

  • Kva er konsekvensane av å bruke unødig mykje elektrisk kraft?

  • I filmen vart nokre energiformer nemnde, men det finst endå fleire. Lag deg ei liste over formene du kan finne.

  • Gi eit døme på kvar av energiformene du fann.


Skrive av Tron Bårdgård.
Sist oppdatert 23.04.2021