Installere Windows Server 2022

Denne guiden startar med det første steget i installasjonsrettleiaren til Windows Server 2022. Dette kjem du til automatisk når du startar opp datamaskina med eit installasjonsmedium (cd/dvd/USB-minnepenn/ISO-fil) som inneheld Windows Server 2022.
1. Vel språk og tastaturoppsett
Bruk nedtrekksfelta for å velje rett tidsformat og tastaturoppsett. Trykk på "Next" for å gå vidare.
2. Start installasjon
På neste skjermbilete trykker du på "Install now".
Valet "Repair your computer" gir tilgang til diverse verktøy på installasjonsmediet som kan brukast for å reparere eller få tilgang til ein skadd Windows Server-installasjon.
3. Vel serverversjonen som skal installerast
Windows Server finst i fleire versjonar. Windows Server 2022 Standard (Desktop Experience) er den versjonen som er mest aktuell for dei fleste laboppsett. Han har eit grafisk brukargrensesnitt og har dei aller fleste funksjonane som Windows Server tilbyr. Etter at du har valt versjonen du ønsker å bruke, trykker du på "Next".
4. Aksepter lisensvilkår
Du vil no få opp lisensvilkåra for programvara. Du må krysse av for "I accept the license terms" og trykke på "Next" for å gå vidare.
5. Vel installasjonstype
For å ha full kontroll over installasjonen av ein ny serverinstallasjon tilrår vi at du vel "Custom: Install Windows only (advanced)".
6. Slett eksisterande partisjonar
Ved reinstallasjon av Windows
Dersom du installerer Windows Server på ei maskin som har hatt andre installasjonar tidlegare, er det sannsynleg at gamle partisjonar framleis eksisterer på harddisken til maskina. Vel kvar partisjon etter tur og vel "Delete". Du vil få opp eit vindauge der du må stadfeste slettinga.
Når slettinga er ferdig, skal du berre stå igjen med ei linje med namnet "Drive 0 Unallocated Space" med heile diskstorleiken som ledig.
Dersom du har ei datamaskin med fleire harddiskar, vil dei andre diskane og partisjonane òg visast.
7. Opprett ny partisjon
For å opprette ein ny partisjon på den tomme harddisken trykker du på "New". No kan du skrive inn storleiken du ønsker at den nye partisjonen skal ha.
Vi tilrår at partisjonen du lagar, berre er rundt halvparten av totalstorleiken på harddisken. Då kan du lage ein eigen partisjon for delte mapper og liknande seinare.
Når du har valt storleiken, trykker du "Apply" for å starte opprettinga av partisjonen.
"Drive 0 Unallocated Space" er gitt i talet på GB som er ledig. Når du lagar ein ny partisjon, blir MB brukt som storleik. Du må derfor gjere ei omrekning.
Ein sprettoppmeny vil no dukke opp og spørje deg om tillating til å opprette andre nødvendige partisjonar for Windows-installasjonen. Vel "OK".
Når maskina har fått arbeidd seg gjennom opprettinga av partisjonane, vil partisjonslista oppdatere seg. Du vil sjå tre små partisjonar, éin stor partisjon og ei linje som beskriv kor mykje plass som er ledig (upartisjonert) på harddisken. Marker den store partisjonen, som er av typen "Primary". Trykk så på "Next" for å starte installasjon av denne partisjonen.
8. Følg installasjonen
Installasjonsrettleiaren vil no starte sjølve installasjonen av Windows Server. Det kan ta ein halvtime eller meir å gjennomføre installasjonen.
Når installasjonen er ferdig, vil installasjonsrettleiaren automatisk køyre ein omstart av datamaskina. Då er det lurt å fjerne installasjonsmediet (USB-minnepenn, ISO-fil, cd/dvd-plate). Det sikrar at maskina startar opp ved hjelp av harddisken og ikkje startar installasjonsrettleiinga på nytt.
9. Lag administratorbrukar
Under første oppstart av Windows Server vil du bli beden om å setje passord på administratorbrukaren til maskina.
For skulelab kan det vere fornuftig å dokumentere administratorpassordet. Vel då eit passord som du ikkje bruker nokon annan stad.
I ekte driftsmiljø bør slike passord aldri skrivast ned med mindre sikkerheita er ivareteken og det er heilt nødvendig.
Når administratorbrukaren er laga, vil operativsystemet bringe deg til påloggingsvindauget. For å logge på må du første trykke inn tastane Ctrl + Alt + Delete samtidig. Då vil du få eit påloggingsvindauge der du kan logge på med brukaren "Administrator".