Domenekontrollarar
Frå lokal maskin til sentral katalogteneste
Sjå filmen nedanfor (lengde 0:39) som viser flytting av styringsoppgåver frå lokalt operativsystem til katalogtenesta til ein domenekontrollar.
Kva betyr omgrepet domene?
Omgrepet domene er sett om frå det engelske ordet domain og det franske ordet domaine. Desse orda kjem frå det latinske dominium, som betyr "herredømme" og vart brukt om eit område der nokon hadde eigarskap og kontroll.

Omgrepet blir brukt på ulike fagområde, men betydninga er nokså lik. Nokre døme:
"The Earl's vast domain was under his absolute control."
- Tidlegare hendingar er domenet til historikaren.
- Norid styrer alle domene under toppdomenet .no.
Når vi bruker omgrepet domene innan IT og datanettverk, snakkar vi om eit avgrensa område som nokon har kontroll over.
Kvifor bruker vi domenekontrollarar?
Domenekontrollarar er til stor hjelp for dei IT-ansvarlege i bedrifter. La oss ta eit døme: Det skal installerast ny programvare på jobbdatamaskinene til alle dei tilsette. I staden for å installere programvara manuelt på kvar enkelt maskin, kan prosessen styrast frå éin stad via domenekontrollaren.
Eit anna døme: Ei bedrift tilset ein ny person. I staden for å opprette ein brukar på kvar enkelt datamaskin som den nytilsette kan komme til å bruke, kan ein opprette brukaren i domenekontrollaren. Då kan den nytilsette nytte den same påloggingsinformasjonen på alle maskinene i bedrifta – eller dei maskinene som dei IT-ansvarlege ønsker at den nytilsette skal ha tilgang til. Når ein person sluttar, kan brukaren til vedkommande slettast frå registeret i domenekontrollaren. Det gjer at personen mistar tilgangen til å logge seg på maskinene i bedrifta.
Samla gir dette god moglegheit for å administrere utstyr, og det aukar i tillegg sikkerheita.
Kunsten å styre med måte

Fordi domenekontrollarar fråtek vanlege brukarar mange av styringsmoglegheitene på eiga maskin, kan det oppstå misnøye og problem. Tenk deg til dømes at ein tilsett treng å installere spesialprogramvare, men ikkje lenger har rettane som trengst for å gjere det. Det kan den tilsette oppleve som frustrerande. Det er derfor viktig å finne ein balanse mellom å ha trygg kontroll over utstyret samtidig som dei tilsette beheld mest mogleg autonomi.
Relatert innhald
Les fagartiklane om DNS-oppslag og oppbygginga av domene, og svar på desse oppgåvene om DNS og domeneoppslag.
Domenenamn er bygde opp på ein fast måte som er lett å lære og som dei fleste som bruker Internett medvitne eller umedvitne kan.