Slik kan du brukarteste digitalt innhald

Typiske steg i brukartesting
I denne artikkelen lærer du meir om dei tre viktige stega i brukartesting av ei digital løysing:
Forarbeid
Gjennomføring av testen
Oppsummering av funn
1. Forarbeid
Kva skal du brukarteste?
Finn ut kva du ønsker å teste ut, og definer ei rekke brukaroppgåver som brukaren skal gjere på nettstaden, prototypen eller i skissa.
Korleis forstår brukaren designet? Kva gjer brukaren for å få til ulike brukaroppgåver?
Roller i ein brukartest
Det er vanlegvis eit team som brukartestar. I bransjen er det ofte ein eigen testlab med eit testrom der brukartesten går føre seg, og eit observatørrom ved sida av der fleire personar sit og observerer skjermen samtidig som testen går føre seg.
Det er tre viktige roller i ein brukartest:
Ein testleiar leiar testen.
Ein testperson brukartestar løysinga.
Ein observatør (eller fleire observatørar) følger med på brukartesten på avstand.
I testrommet er det eit bord og stol til testpersonen, ein stol til testleiaren som sit ved sida av brukaren, og ein plass til observatøren som sit litt lenger bak. Viss det er mogleg, er det ein fordel at brukaren har eigen pc eller mobil som han eller ho er vand til å bruke. Viss dette ikkje er mogleg, må du skaffe ei eining som testpersonen kan bruke.
Testleiaren informerer testpersonen om kva testen går ut på, og stiller spørsmål undervegs. Det er viktig at testleiaren ikkje seier kvar testpersonen skal klikke.
Enkle brukartestar kan du gjere i farta der du finn mange menneske, som på ein togstasjon, på eit kjøpesenter, i skulekantina eller på eit venterom. Slike kjappe brukartestar blir kalla geriljatesting.

Lag testscript
I god tid før brukartesten startar, lagar teamet eit testscript med manus, brukaroppgåver og informasjon om kva som skal skje i testen.
Teamet må finne ut kva dei vil teste ut. Dei må òg avklare kva utstyr som dei skal bruke, og kvar testen skal vere. Det er lurt å samarbeide om eit testscript for å få mange ulike innspel og perspektiv.
Det er lurt å gjere ein pilottest av testen med ein person før sjølve brukartesten. Pilottesten kan hjelpe teamet å justere testoppgåvene.
I fila under finn du døme på eit testscript til brukartest av ein prototype av appen til ei kleskjede.
2. Gjennomføring av brukartesten
Det er viktig å få fram at det ikkje er brukaren som blir testa, men korleis løysinga er å bruke for ulike brukarar.
Informasjon og samtykke
Testleiar startar med å innleie og informere om testen. Det er viktig å få testpersonen til å kjenne seg velkommen og komfortabel i situasjonen.
Understrek at det er sjølve løysinga og korleis ho fungerer som blir testa, ikkje kor "smart" testpersonen er. Trygg testpersonen.
Målet er å lage ei så god løysing som mogleg, og då er det viktig at testperson er ærleg og rett fram og ikkje pakkar inn moglege problem for å vere snill eller høfleg.
Brukaren skal samtykke til testen i forkant og må kunne avbryte brukartestinga når som helst viss hen ønsker det. Dersom testpersonen samtykker, kan de gjere skjermopptak av brukartesten for å kunne studere brukartesten nøye i ettertid.
Brukartest av løysing
Testleiar leier testen som han er beskriven i testscriptet, og gir brukaroppgåver til testpersonen.
Observer testpersonen så naturleg som mogleg. Testleiar skal ikkje forklare kvar hen skal trykke eller finne innhaldet. Be testpersonen om å tenke høgt når hen navigerer. Observatøren noterer undervegs mens testen går føre seg. Følg nøye med, og prøv å forstå korleis testpersonen bruker og forstår sida.
Dersom testpersonen ikkje får til oppgåva eller ikkje finn fram til det hen skal, går du berre vidare med neste brukaroppgåve. Det kan vere ein indikasjon på at løysinga ikkje er intuitiv nok å bruke.
Avslutning
Når testpersonen har gjort brukaroppgåvene og sjølve testen er over, kan testleiaren stille nokre meir generelle spørsmål. Til dømes:
Korleis er det å bruke løysinga?
Kva er lett, og kva er vanskeleg med løysinga?
Har du nokre innspel og forslag som kan gjere løysinga betre?
Har du nokon andre tilbakemeldingar?
Korleis har du opplevd denne brukartesten?
Når desse spørsmåla er svart på, rundar testleiar av og avsluttar brukartesten.

3. Oppsummering av funn
Dei som har vore til stades i testteamet under testen, snakkar saman om observasjonane sine etterpå. Lag ei liste over ting som er oppdaga under testen. Sorter ut problem, og prioriter kva det er viktigast å gjere noko med først. Nokre problem er kritiske, og desse må de utbetre snarast. Andre problem kan vere uheldige, men til å leve med.
Problem som er enkle å fikse og krev lite ressursar for å løyse, kallar vi lågthengande frukt. Sjølv om det kan vere lett å fikse, må ein sjå det i samanheng med resten av funna. Alvorlege problem må ha førsteprioritet.
Fleire tips
Observatørrom
Profesjonelle testlabar har gjerne eit observatørrom med eit team som følger brukartesten digitalt. Dei ser det som skjer på skjermen, og høyrer samtalen mellom testleiar, testperson og observatør. I nokre tilfelle kan personane i observatørrommet òg sjå opptak av testrommet eller sjå inn gjennom ein spegelvegg.
I skulesamanheng kan det vere realistisk med ein brukar som er testperson, ein testleiar og ein observatør, og å droppe observatørrom i tillegg.
Tips: Prøv observatørrom i klassen
Første gong klassen skal prøve brukartesting av digitale løysingar, kan lærar og to elevar modellere ein brukartest. Lærar er testleiar, elevane er testperson og observatør.
Dei går på eit eige rom og koplar til eit digitalt møte som dei sender til klasserommet. Dei gjennomfører brukartesten med introduksjon, brukartest av løysing og avslutning.
På klasserommet ser elevane skjermen og høyrer samtalen som går føre seg på testrommet.
Klassen blir òg observatørar og noterer det dei observerer. Elevane må skilje mellom det som er observasjonar og sitat, og det dei sjølv tenker eller kjem på undervegs.
Etter brukartesten snakkar klassen saman om det dei har observert og tenkt gjennom brukartesten. Læraren kan samle kommentarar og innspel på tavla, og elevane kan diskutere desse.

Fjerntesting
Det er òg mogleg å brukarteste utan at brukar og testperson er på same stad. Dette blir kalla fjerntesting.
Du kan ha eit nettmøte med brukar der du ser skjermen, gir brukaroppgåver og observerer korleis brukaren bruker løysinga. Det blir kalla moderert fjerntesting.
Det går òg an å lage program med ein førehandsdefinert test som brukaren klikkar seg gjennom, eller be brukarar gjere skjermopptak av at dei prøver ei digital løysing, skisser eller prototype. Det blir kalla umoderert fjerntesting.
Du får fleire tips til måtar du kan brukarteste på ein enkel og rimeleg måte på i videoklippet "Enkel og effektiv brukertesting – med Ida Aalen" på Vimeo.
Hugging-metoden
Ein enkel måte å filme brukartesting av ei digital løysing på ein mobil på, er å ved å bruke hugging-metoden. 17 minutt ute i filmen som er nemnd i førre avsnitt, kan du sjå denne metoden demonstrert.
Ved hugging-metoden gjer vi opptak med datamaskina mens brukartesten går føre seg. Skjermen på datamaskina blir vend mot tastaturet og filmar mobilen og hendene til testpersonen mens vi gjer opptak. Det ser ut som at testpersonen omfamnar datamaskina, og det er derfor metoden blir kalla hugging.
Det er verdifullt med opptak i tillegg til sjølve brukartesten fordi du og andre i teamet kan studere brukartesten nøye i ettertid.