Eigenvurdering til emnet universell utforming - Design og visualisering (IM-MED vg2) - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Egenvurdering

Eigenvurdering til emnet universell utforming

Kor god oversikt har du over kva universell utforming er, og veit du kvifor det er viktig i utforming av fysiske omgivnader og digitale tenester? Har du klart for deg kva nedsett funksjonsevne er, og kva særlege omsyn du må ta i arbeid med medieproduksjonar?

Sjekk kva du har fått med deg

  • Eg veit kva universell utforming er, og kva lovverket seier om det.

  • Eg veit kva funksjonsnedsetjing betyr, og eg kan skilje mellom ulike typar og former for funksjonsnedsetjing.

  • Eg kan gjere medieprodukt tilgjengelege for ulike grupper.

  • Eg kjenner igjen fysiske omgivnader og digitale tenester som tek omsyn til universell utforming.

  • Eg kan liste opp relevante krav til universell utforming innanfor medieproduksjon, og eg kan ta omsyn til desse i mitt eige arbeid.

  • Eg veit korleis eg kan utvikle universelt utforma medieprodukt med lyd, video, tekst, grafikk eller bilete.

  • Eg kan forklare kvifor teksting av film og lydproduksjonar er universell utforming, og eg har teksta eigne produksjonar.

Har du oversikt over sentrale omgrep?

Skrive av Albertine Aaberge og Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 06.04.2022