Universell utforming på nett - Design og visualisering (IM-MED vg2) - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Universell utforming på nett

Målet med universell utforming er like moglegheiter til samfunnsdeltaking for alle og å motverke diskriminering på grunnlag av nedsett funksjonsevne. Tilgjengelegheit må planleggjast i all infrastruktur og informasjon, frå bygg til nettsider. I Noreg er universell utforming inkludert i fleire lover.
Kort introduksjon til universell utforming. Video: Difi / CC BY-SA 4.0

Universell utforming er brukarvennlegheit. Viss ein ikkje tek omsyn til universell utforming, vil ein gjere det vanskeleg for ulike delar av målgruppa å bruke produktet. Jo meir universelt utforma – dess betre brukarvennlegheit for alle brukargrupper.

I medieproduksjon må vi ta omsyn til universell utforming på mange område. Ofte kan det dreie seg om teknisk utføring, og det kan vel så gjerne vere reint designmessig arbeid. Universell utforming gjeld også tilpassing av innhaldet – og ikkje minst å bruke eit språk som brukaren forstår.

Universell utforming er derfor vesentleg når du skal arbeide med:

innhaldsproduksjon
spesielt for å møte kognitive utfordringar
design
for eksempel bruk av kontrast, fargar og skrifttypar
teknisk produksjon
gjerne valmoglegheiter som teksting, eigne versjonar og struktur som hjelpemiddel kan dra nytte av

Universell utforming kan altså liggje som eit krav frå oppdragsgivar og i lovverket, men er også viktig i seg sjølv, fordi det gir betre brukaroppleving.

IKT og nettstader

På IKT-feltet gjeld universell utforming for både automatar og datasystem. Men det heilt sentrale er utforming av nettstader. I Noreg er det Digitalisteringdirektoratet, digdir, som leiar arbeidet og fører tilsyn med dette.

Universell utforming er regulert i lovverket. Forskrift om universell utforming av IKT-løsninger stiller krav om at nettsider må oppfylle 35 av 61 suksesskriterium i standarden Retningslinjer for tilgjengelig webinnhold (WCAG), medan offentleg sektor skal følgje 47.

Forskrift om universell utforming av IKT-løsninger (uutilsynet.no)

Retningslinjer for tilgjengelig webinnhold (WCAG) (uutilsynet.no)

Til saman kan vi setje opp sju gode grunnar til å utforme universelt:

  1. Samfunnsøkonomisk
  2. Enklare for alle brukarar
  3. Gir like moglegheiter
  4. Smart
  5. Lønnsamt
  6. Framtidsretta
  7. Lovpålagd

I videoen under får du forklart meir om desse grunnane.

Video: Difi / CC BY-SA 4.0
Skrive av Johannes Leiknes Nag.
Sist fagleg oppdatert 06.09.2022