Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Sensorer og aktuatorer

Fagstoff

Trykkbrytar

Ein trykkbrytar er ein sensor som gir eit signal til mikrokontrolleren. På programmeringsspråket kallar vi ein trykkbrytar for ein pushButton.


Beskriving

Ein trykkbrytar har fire bein som er knytte til kvarandre to og to. Når knappen blir trykt inn, blir para kopla saman. Sambandet blir halde oppe så lenge knappen er trykt inn, og det blir brote når knappen blir sleppt.

Bruksområde

Trykkbrytarar blir brukte til å gi ein enkel på/av-informasjon til kretsen, på same måten som ein fjørbelasta lysbrytar. Dei kan brukast til å starte eit program, som impulsbrytarar, som signal for å tenne ein lysdiode osb. Moglegheitene er mange.

Kopling

I og med at trykkbrytaren har parvise bein, må du vite korleis du koplar han til slik at han får rett funksjon.

For at kretsen skal forstå informasjonen, må trykket gjerast om til ei spenning. Ved å kople brytaren mellom ein motstand (10 kiloohm) til 5 volt og jord vil du på utgangen få ei spenning som går frå 5 volt til 0 volt når brytaren blir trykt inn.

Denne koplinga kan du så utvide ved å kople til ein aktuator som skal utføre eit arbeid når trykk-knappen blir aktivert.

Koplingsskjema

Arduinoen bruker elektriske signal til å kommunisere med omverda. Derfor er det viktig at du veit korleis elektriske koplingsskjema er bygde opp, og at du kan bruke dei. Illustrasjonen under viser eit døme på eit koplingsskjema for ein enkel krets med Arduino og trykkbrytar.

Programmering

For at Arduinoen skal klare å kommunisere med trykk-knappen, må du programmere han til å gjere akkurat det. Nedanfor finn du eit enkelt døme på ein kode som vil aktivere ein LED når trykk-knappen blir aktivert, og deaktivere LED-en når knappen blir deaktivert.

Dømekode for aktivering og deaktivering av LED

buttonPin = 2; // Set inngangspinne for signal frå brytaren til pinne 2 og gir pinnen namnet buttonPin

const int ledPin = 13; // Set utgangspinne for tilkopling av ein LED til pinne 13 og gir pinnen namnet ledPin

int buttonState = 0; // Lagar ein variabel for å lagre brytarstatus. Gir variabelen namnet buttonState og startverdien 0

void setup() {

pinMode(ledPin, OUTPUT); // Set pinne ledPin til utgang

pinMode(buttonPin, INPUT); // Set pinne buttonPin til inngang

}

void loop(){

buttonState = digitalRead(buttonPin); // Les trykkbrytarstatus og lagrar verdien i variabelen buttonState

if (buttonState == HIGH) // Sjekkar om knapp er trykt

{

digitalWrite(ledPin, HIGH); // Viss knapp er trykt, blir ledPin aktivert ved å gi han verdien HIGH

}

else {

digitalWrite(ledPin, LOW); // Viss knapp ikkje er trykt, blir ledPin deaktivert ved å gi han verdien LOW

}

}

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 16.08.2023