Resistor
Beskriving
Ein resistor består av ein avlang keramikk- eller porselenskjerne som er belagd med ein motstandsfilm. I kvar ende av resistoren er det ei metallkappe med ein koplingspinne. Motstandsfilmen er festa til metallkappa. Alle komponentane er innkapsla i eit lag med vernelakk.
Resistorar kjem med mange ulike motstandsverdiar, og dei er merkte med fargeringar i vernelakken som angir verdien på motstanden.
Det er viktig å velje verdi ut frå kva resistoren skal brukast til. Ved kopling av mikrokontrollerar nyttar vi som oftast berre verdiar som 220 ohm (fargemerking: raudt, raudt, brunt), 330 ohm (fargemerking: oransje, oransje, brunt) og 10 000 ohm (fargemerking: brunt, svart, oransje).
Bruksområde
Resistorar blir brukte til å avgrense straumen i ein komponent eller til å etablere eit spenningsnivå, til dømes i ein spenningsdelar eller spenningsregulator. Resistorar kan ha fast eller regulerbar motstandsverdi. Ein regulerbar (variabel) motstand blir oftast kalla for reostat eller potensiometer.
Ifølge Ohms lov vil spenninga over ein motstand forandrast proporsjonalt med straumen. Dette kan vi utnytte når vi vil gjere om ein varierande motstandsverdi til ei varierande spenning. Volumbrytaren på ein radio er eit døme på ein slik varierande motstand. Varierande motstandar kan òg vere temperatur-, lys- eller trykkavhengige. Ein lyssensor til dømes er ein resistor som forandrar verdi etter kor mykje lys som treffer han.
Resistorar kan både parallellkoplast og seriekoplast slik at vi kan skape ein spesifikk motstand i ein straumbane.
Fargemerking
Resistorar er merkte med ringar i ulike fargar som angir motstandsverdien. Kvar farge står for eitt av siffera 0 til 9. Resistorar kan ha ulikt antal ringar, men dei fleste har fire eller fem. For å lese av verdiane rett må du halde resistoren slik at den ringen som står lengst unna dei andre, er på høgre side. Så les du av fargane frå venstre mot høgre.
Resistorar med fire ringar
Første og andre ring angir første og andre sifferet i verdien. Tredje ring angir multiplikatoren (antal nullar etter dei to første siffera), mens ringen lengst til høgre angir toleransen til resistoren, altså moglege avvik frå den oppgitte verdien.
Resistorar med fem ringar
Første, andre og tredje ring angir første, andre og tredje sifferet i verdien. Fjerde ring angir multiplikatoren, mens ringen lengst til høgre angir toleransen til resistoren.
Oversikt over fargekodane
Illustrasjonen nedanfor viser kva dei ulike fargeringane på resistorar står for. Du finn ein noko enklare tekstversjon i den ekspanderande boksen under illustrasjonen.

Døme på utrekning av motstand
Resistoren i illustrasjonen har følgande merking:
Første ring er raud, og det første sifferet er derfor 2.
Andre ring er fiolett, og det andre sifferet er derfor 7.
Tredje ring er grøn, og multiplikatoren blir derfor 100 000.
Fjerde ring er gullfarga, og toleransen er derfor ±5 %.
Resistansen blir då: 27 x 100 000 = 2 700 000 Ohm (2,7 megaohm), med ein toleranse på 5 % begge vegar.
Det finst fleire kalkulatorar som kan hjelpe deg å rekne ut motstanden på resistorar. Eit døme på ein slik kalkulator er Digikey.no sin 4- band-fargekodekalkulator for motstand.
Kopling
Det har ingenting å seie kva veg resistoren blir kopla, fordi han gir same motstand begge vegar. I eit elektrisk koplingsskjema har resistorar eit symbol som gjer det enkelt å kjenne igjen komponenten.
Det kan vere litt utfordrande at det blir brukt ulike symbol for resistorar i Europa og elles i verda.