Kommunikasjon og kultur, spørsmål til podkast
Du skal lytte til podkasten og finne svar på spørsmåla. Klassa kan gå gjennom svara i plenum, eller dei kan leverast inn som ei individuell oppgåve.
Korleis blir omgrepet kultur definert i podkasten?
I podkasten snakkar sosialantropologen Ivar Haugstad om ei europeisk verdiundersøking. Kva verdiar er viktige for nordmenn ifølgje denne undersøkinga? Kva verdiar er ikkje så viktige for oss?
Korleis bør vi som servicemedarbeidarar ta omsyn til kundar som oppfører seg på ein annan måte enn det vi er vande med?
Korleis forklarer Ivar Haugstad samanhengen mellom tenking, haldning og handling?
I podkasten snakkar dei om eit engelsk uttrykk: «Assumptions are the mother of all fuck ups.» Korleis vil du omsetje og forklare dette uttrykket?
Ivar Haugstad snakkar om ein forfattar som heiter Patrick Lencioni. Kva har han sagt om det å vere lagspelar og jobbe i gruppe (team)?
Kva trur du ligg i det å vere «people-smart»?
Av det som dei snakkar om i podkasten, kva synest du er aller viktigast å ta med deg inn i det framtidige yrket ditt?