Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Kjeldemateriale
Seriar
Podkast

Podkast om konflikthandtering ved demonstrasjonar – politiet

Har du nokon gong delteke i ein demonstrasjon? Dei fleste demonstrasjonar går fredeleg føre seg, men enkelte kan utvikle seg til å bli valdelege. Du har kanskje høyrt om konfliktfylte Sian-demonstrasjonar? I forkant av slike demonstrasjonar må politiet førebu ulike sikkerheitstiltak.

Her kan du lytte til ein podkast med programleiar Andreas Veie-Rosvoll i samtale med Christine Isøy frå Oslo politidistrikt. Temaet for samtalen er konflikthandtering ved demonstrasjonar, og Christine Isøy fortel om vurderingar politiet må gjere før, under og i etterkant av større demonstrasjonar.

God lytteoppleving!

Serviceyrkene

Konflikthandtering ved demonstrasjonar – politiet

I samband med demonstrasjonar kan det bli høgt konfliktnivå. I denne podkasten får vi høyre korleis politiet arbeider før, under og etter ein demonstrasjon for å dempe konfliktnivået.

0:00
-0:00
Podkast: Både Og / CC BY-SA 4.0

Nedanfor finn du oppgåver knytte til podkasten.

Relatert innhald

Podkastar om konflikthandtering

Når vi har med menneske å gjere, kan vi forvente at det oppstår konfliktar. Som servicemedarbeidar er det nyttig å kunne handtere ein konfliktsituasjon.

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 16.11.2021