Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Lag ein film om konflikthandtering

Å jobbe innan helse- eller oppveksttenester inneber å møte menneske i sårbare og stressande situasjonar. I denne oppgåva skal de lage ein film som viser korleis strategiar for konflikthandtering kan forhindre at ein konflikt eskalerer.

Idémyldring

  1. Bruk ti minutt kvar for dykk til å tenke over konfliktsituasjonar som kan oppstå i møte med kundar, pasientar eller pårørande i eitt eller fleire av yrka innan helse- og oppveksttenestene. Noter stikkord på klistrelappar.

  2. Alle elevane festar lappane sine på tavla.

  3. Teksten på lappane blir lesen opp i klassen.

Planlegging og gjennomføring av opptak

  1. Gå saman i grupper på tre eller fire elevar, og vel kva yrke de vil fokusere på.

  2. Lag manus til ein film som skal vise korleis fagarbeidaren medvitent bruker sjølvregulering, empati og anerkjenning for å handtere konfliktsituasjonen på ein god måte.

  3. Fordel roller i gruppa.

  4. Lag filmen.

Tilbakemeldingar i klassen

Vis filmane i klassen, og gi kvarandre tilbakemeldingar.

  • Korleis viste fagarbeidaren empati og anerkjenning for situasjonen til den andre personen?

  • Korleis vart kroppsspråk og kommunikasjon brukt for å forhindre eskalering av konflikten?

  • Kva gjorde fagarbeidaren for å regulere sine eigne kjensler?

Reflekter saman

  1. Kva kan vere årsaker til at det oppstår konfliktar i møte med kundar, pasientar og pårørande?

  2. Kva ansvar har de som profesjonelle yrkesutøvarar for å handtere slike situasjonar?

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist oppdatert 05.06.2025