Åndsverklov og opphavsrett
I filmen under (lengde 7:40) følger vi elevar som har fått i oppdrag å marknadsføre Drammen. I arbeidet med oppdraget støyter dei på nokre utfordringar knytte til åndsverk og opphavsrett.

Åndsverklova er ei lov som sikrar at kreative menneske får rettar til det dei har skapt, og ho skal stimulere til produksjon av åndsverk. Du finn åndsverklova, og dei andre lovene i Noreg, på lovdata.no. Lova vernar verka til filmskaparar, kunstnarar og musikarar. Ho sikrar at ingen får bruke eit åndsverk utan at det er avtalt med opphavaren.
Kva er eit åndsverk?
Eit åndsverk er resultatet av kreativ, skapande verksemd. Når eit kreativt menneske har brukt tid, kompetanse og innsats på å lage noko, det kan vere ein roman, ein film, eit fotografi eller eit måleri, blir arbeidet eit åndsverk.
Tenk over
Kvifor er det ein god idé at opphavar er sikra rettar til arbeida sine?
Kjem du på fleire døme på åndsverk enn dei som blir presenterte i filmen over?
Alle som skaper eit åndsverk, har opphavsrett til sitt eige verk. Dermed kan vi seie at alt vi lagar, er vårt eige! Det er det grunnleggande prinsippet bak opphavsretten.
Einerett og eksemplarframstilling
Opphavsretten gir den som har laga åndsverket, einerett til å bestemme over produktet sitt. Du har einerett på å lage eksemplar og til å dele eksemplar med allmenta, på tv, i sosiale medium eller på ei utstilling.
Eksemplarframstilling betyr å lage nye trykk eller digitale eksemplar av eit verk. Mange trur det er lovleg å publisere bilete frå internett på sin eigen blogg så lenge ein oppgir namnet til fotografen eller der det er henta frå. I praksis er dette ulovleg eksemplarframstilling. Det er berre opphavaren, eller den opphavaren har overdrege rettane til, som har rett til å publisere nye digitale versjonar av biletet.
I nokre tilfelle er det lov til å lage ein kopi òg for andre enn opphavaren. Du har lov til å gi att eit verk som står på offentlege stader, så lenge du ikkje skal tene pengar på det, men du må be om samtykke dersom du skal publisere ein kopi.
Filmskaparar, forfattarar og musikarar kan dessutan gi frå seg eineretten til å lage eksemplar. Gjennom avtalar kan eineretten overførast til eit filmdistribusjonsselskap, eit forlag eller eit musikkselskap mot inntekter og vederlag.
Verkshøgde
Åndsverklova seier at det må åndsinnsats til, for at eit arbeid skal vere eit åndsverk og bli beskytta av åndsverklova. Er det lagt kreativ innsats i eit arbeid, får det verkshøgde, og det er dermed eit åndsverk. Verket må oppfylle ei viss grad av originalitet, til dømes basert på fantasien, talentet eller den faglege dyktigheita til skaparen. Det skal vere usannsynleg at nokon andre kan komme fram til det same resultatet.
Eineretten til eit åndsverk varer til 70 år etter at skaparen er død.

Tenk over
Du tek bilete av ein graffiti av Edvard Munchs motiv Skrik.
Kan du dele det i sosiale medium?
Kva med å bruke det inn i ditt eige kunstverk?
Er det greitt at graffitikunstnaren har brukt Skrik i motivet sitt? Grunngi svaret ditt.

Copyright (©)
Merking av opphavsretten blir gjord med symbolet ©. Saman med namnet til opphavaren viser dette symbolet kven som har opphavsrett til ein tekst eller eit bilete. I Noreg er det ikkje nødvendig å bruke copyright-merking. Vi har, saman med dei fleste andre landa i verda, slutta oss til Bernkonvensjonen (1886). Han seier at opphavsretten gjeld anten han er presisert med eit merke eller ikkje.
CC-lisensar
Opphavar kan setje CC-lisensar på eige åndsverk for å vise andre kva vilkår som gjeld for bruk, remiks og deling. Du kan lese meir om CC-lisensar i artikkelen "Deling av åndsverk med CC-lisensar".
Åndsverklova regulerer òg måten eit åndsverk blir brukt på. Åndsverklovas paragraf fem seier at opphavaren har krav på namngiving. Det betyr at du alltid må hugse å merke det du låner, med namnet til opphavaren. Opphavaren har òg lovmessig vern mot krenkande bruk eller endring av verket (respektretten).
Tenk over

Du får i oppdrag å lage eit humoristisk fotografi med temaet "tidleg leggetid".
Artikkelen din om leggetid blir forkasta, og avisa vel i staden å bruke biletet ditt i ein artikkel om seksuelt misbruk av barn.
Diskuter situasjonen opp mot respektretten.
I kva situasjonar må du sjølv passe på korleis du bruker andres bilete?
Retten til eige bilete er ein personvernregel som ligg i åndsverklova og sikrar at du skal ha kontroll over bruken av bilete av deg. Du kan lese meir om retten til eige bilete i artikkelen "Reglar for publisering av bilete".
- Åndsverk
- Eit åndsverk er resultatet av ei skapande verksemd. Det kan til dømes vere ein film, eit måleri, ein roman eller eit fotografi.
- Opphavsrett
- Opphavsrett er den retten forfattarar, komponistar, fotografar, kunstnarar og andre opphavarar har til verka sine. Opphavsretten gir den som har laga åndsverket, einerett til å bestemme over produktet sitt.
- Verkshøgde
- Verkshøgda sikrar at eit åndsverk har vern gjennom opphavsretten. Eit åndsverk må vere originalt og resultatet av ein kreativ innsats for å ha verkshøgde.
- Einerett
- Eineretten til eit åndsverk tilhøyrer opphavar. Skaparen av eit verk har eksklusive rettar til å bruke, lage eksemplar av og til å dele åndsverket. Opphavar har òg rett til å avgjere om andre skal få lov til å vise fram, lage kopiar av og distribuere åndsverket.
- Respektrett
- Respektretten sikrar at eit åndsverk ikkje blir forandra eller brukt på ein måte som kan vere krenkande for opphavar. Opphavaren har lovmessig vern mot krenkande bruk eller endring av verket.