Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Video

Kva er god kommunikasjon på jobb?

Kva må du tenke over når du skal kommunisere med andre i jobben du utdannar deg til? Sjå filmen om god kommunikasjon (lengde 9:46) og svar på spørsmåla.
Video: Terranova / CC BY-NC-ND 4.0

Del 1: Kva blir sagt i filmen?

I filmen over møter du representantar frå fire ulike yrke. Kva seier dei om god kommunikasjon på arbeidsplassen? Noter ned minst tre stikkord til kvar av dei.

Del 2: Diskuter kva som er felles

Kva er likt for alle yrka? Diskuter gjerne med ein medelev og del med resten av klassen.

Del 3: Kva er viktig i yrket ditt?

  1. Viss du utdannar deg til eit av yrka du møter i filmen, svar på desse spørsmåla:

    • Vurder det som personen seier om god kommunikasjon på jobb. Kva er du einig i?

    • Er det nokon andre situasjonar personen burde ha nemnd? Lag ei liste med minst fem råd til god kommunikasjon i yrket ditt.

  2. Viss du utdannar deg til eit anna yrke enn dei du møter i filmen, svar på desse spørsmåla:

    • Kva for nokon av momenta som blir nemnde i filmen vil òg gjelde i yrket du utdannar deg til? Lage ei liste med minst fem råd til god kommunikasjon i yrket ditt.
Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 13.05.2026