Oppgåve
Video
Kva er god kommunikasjon på jobb?
Kva må du tenke over når du skal kommunisere med andre i jobben du utdannar deg til? Sjå filmen om god kommunikasjon (lengde 9:46) og svar på spørsmåla.
Video: Terranova / CC BY-NC-ND 4.0
Del 1: Kva blir sagt i filmen?
I filmen over møter du representantar frå fire ulike yrke. Kva seier dei om god kommunikasjon på arbeidsplassen? Noter ned minst tre stikkord til kvar av dei.
Del 2: Diskuter kva som er felles
Kva er likt for alle yrka? Diskuter gjerne med ein medelev og del med resten av klassen.
Del 3: Kva er viktig i yrket ditt?
Viss du utdannar deg til eit av yrka du møter i filmen, svar på desse spørsmåla:
Vurder det som personen seier om god kommunikasjon på jobb. Kva er du einig i?
Er det nokon andre situasjonar personen burde ha nemnd? Lag ei liste med minst fem råd til god kommunikasjon i yrket ditt.
Viss du utdannar deg til eit anna yrke enn dei du møter i filmen, svar på desse spørsmåla:
- Kva for nokon av momenta som blir nemnde i filmen vil òg gjelde i yrket du utdannar deg til? Lage ei liste med minst fem råd til god kommunikasjon i yrket ditt.