Krav til køyretøy med farleg gods - Bransjeteknikk (TP-TOL vg2) - BETA - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Krav til køyretøy med farleg gods

Du må kjenne merkingen av kjøretøy som transporterer farlig gods, selv om du ikke transporterer slikt gods selv. Merkingen er jo også et varsel til andre trafikanter.

Merking av køyretøy

Ei transporteining som transporterer farleg gods, skal vere merkt framme og bak med oransje skilt. Skilta skal vere reflekterande og ha svart ramme (15 mm). Formatet på skilta er 40 cm x 30 cm. Eit køyretøy som transporterer eksplosiv eller radioaktivt materiale, og tank- og bulktransport, skal dessutan vere merkte på begge sider og bak med den eller dei faresetlane som svarer til lasten. Dei oransje skilta kan også vere avdelte på midten med ei svart horisontal linje med strekbreidde på 15 mm.

Talkodar

På køyretøy som fraktar farleg gods som stykkgods, er det ingen talkodar på det oransje skiltet. Når lasten er i tank- eller bulkkøyretøy, skal kvar tank eller tankseksjon vere merkt med oransje skilt med talkodar:

  • Det øvste talet blir kalla farenummer. Farenummeret fortel kva farlege eigenskapar godset har. Det består av to eller tre siffer som viser faren ved stoffet. Sjå 5.3.2.3.2 i del 5.
  • Det nedste talet blir kalla UN-nummer (stoffnummer). UN-nummeret er eit firesifra tal som viser kva slags vare det dreier seg om. I tabell 3.2A i del 3 finn du ei oversikt over UN-nummera og kva dei betyr.

Dersom heile transporteininga har same last, kan talkodane stå på dei oransje skilta framme og bak. Då er det ikkje nødvendig at sjølve tanken er merkt med oransje skilt med talkombinasjon – berre faresetlar. Ved brann skal tala vere leselege i minst 15 minutt. Ved tildekking av dei oransje skilta med presenning må også presenningen kunne tåle brann i 15 minutt.

Last med fleire stoff

Ved tanktransport av somme varer i klasse 3 er det tillate å merkje heile transporteininga med det stoffet som har lågast flammepunkt, når transporteininga er lasta med fleire stoff. Dette gjeld berre UN-1202, UN-1203, UN-1223 og drivstoff for luftfartøy UN-1268 og UN-1863.

Transport i tank eller bulk

Ved transport i tank eller bulk skal transporteininga også merkjast med faresetel på begge sidene og bak. På tankkonteinarar, MEGC-ar, vanlege konteinarar og multielementtankar skal faresetlane stå på begge sider og begge endane.

Du finn svaret på kva farenummer, stoffnummer og faresetlar som skal brukast ved transport i tank og bulk, i tabell 3.2A kolonnane (1), (5) og (20) i del 3 i ADR-boka.

Brannsløkkingsutstyr

Det er spesielle krav til utstyr på transporteiningar som skal transportere farleg gods. Dei skal blant anna ha minst eitt berbart brannsløkkingsapparat på 2 kg i brannklassane A, B og C, meinte for å sløkkje brann i motor eller førarhus. Apparatet skal vere plassert lett tilgjengeleg i førarhuset.

I tillegg gjeld for transporteiningar med største tillaten masse

  • over 7,5 tonn: eitt eller fleire handsløkkjeapparat for brannklassane A, B og C på til saman 12 kg. Minst eitt av apparata skal ha ein kapasitet på 6 kg
  • over 3,5 tonn til og med 7,5 tonn: eitt eller fleire handsløkkjeapparat for brannklassane A, B og C på til saman 8 kg. Minst eitt av apparata skal ha ein kapasitet på 6 kg
  • 3,5 tonn: eitt eller fleire handsløkkjeapparat for brannklassane A, B og C på til saman 4 kg

Sjølv om brannsløkkingsapparatet som blir kravd for å sløkkje brann i førarhytte/motorrom kjem i tillegg til dei apparata som er nemnde sist, kan vi trekkje frå kapasiteten når vi bereknar minimumskapasiteten.

Døme:

Køyretøy større enn 7,5 tonn = totalt 12 kg (fordelt på minst to apparat).

Køyretøy 3,5–7,5 tonn = totalt 8 kg (fordelt på minst to apparat).

Køyretøy til og med 3,5 tonn = totalt 4 kg (fordelt på minst to apparat).

Anna utstyr

Kvar transporteining som transporterer farleg gods, skal også ha med seg:

  • varselvest, lommelykt, vernehanskar og augevern for kvart mannskap på køyretøyet
  • minst éin stoppekloss per køyretøy
  • to frittståande varselsignal
  • augeskyljemiddel (ikkje nødvendig for kolli med faresetlane nr. 1, 1.4, 1.5, 1.6, 2.1, 2.2 og 2.3)

I tillegg kan det vere tilleggskrav for enkelte klassar, for eksempel om å ha med pustevern, spade, drypptetting og oppsamlingsbehaldar av plastikk (gjeld berre faresetlane nr. 3, 4.1, 4.3, 8 og 9).

Godkjenningsattest

Tankkøyretøy på over 1000 liter, køyretøy med laustankar på over 1000 liter, batterikøyretøy med samla volum på over 1000 liter og køyretøy berekna på transport av tankkonteinarar, multimodale tankar eller MEGC-ar (multielement gasskonteinarar) med individuelt volum over 3000 liter som blir brukt til transport av farleg gods, skal ha ein spesiell godkjenningsattest. Godkjenningsattesten blir skriven ut av vegkontoret og er gyldig i eitt år. I tillegg skal køyretøy som er berekna på transport av eksplosive varer og gjenstandar (EX/II- og EX/III-køyretøy) og MEMU-køyretøy (mobil produksjonseining), ha tilsvarande godkjenningsattest.

Skrive av Bernhard Hauge og Per Haukeberg. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 28.11.2018