ADR-kompetansebevis - Bransjeteknikk (TP-TOL vg2) - BETA - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

ADR-kompetansebevis

Føraren av køyretøy som transporterer farleg gods, ha ADR-kompetansebevis når det er krav om det.

ADR-kompetansebevis

Etter forskrift av 1. april 2009 nr. 384 om landtransport av farlig gods § 11 skal føraren av køyretøy som transporterer farleg gods, ha ADR-kompetansebevis når det er krav om det (kapittel 8.2). ADR-kompetansebeviset blir skrive ut i følgjande klasser:

  • Grunnkurs, klassane 2–6.2, 8 og 9
  • Tilleggskurs klasse 1: eksplosive stoff og gjenstandar
  • Tilleggskurs klasse 7: radioaktivt materiale
  • Tilleggskurs tank

Grunnkurs

Grunnkurset gir det grunnleggjande ADR-kompetansebeviset for transport av farleg gods over «mengder i henhold til 1.1.3.6». Kurset er obligatorisk for alle som skal ha ADR-kompetansebevis for første gong. Beviset er gyldig i fem år.

ADR-kompetansebevis for klasse 1, klasse 7 og tank må takast som eit tillegg til det grunnleggjande ADR-kompetansebeviset.

Tillegga for klasse 1, klasse 7 og tank kan gjennomførast som sjølvstendige eller kombinerte kurs. Prøven kan takast separat for kvar klasse eller som kombinert prøve.

Klasse 1: eksplosive stoff og gjenstandar

Ved transport av varer i klasse 1, eksplosive stoff og gjenstandar, må du ha eit utvida ADR-kompetansebevis som byggjer på ADR-kompetansebeviset for grunnkurset.

For klasse 1 gjeld:

  • Køyretøyet må merkjast med faresetlar (gjeld også klasse 7).
  • Køyretøyet må godkjennast ved stykkgodstransport (godkjenningsattest).
  • Varene kan ikkje samlastast med anna farleg gods (med få unntak).

Klasse 7: radioaktivt materiale

Ved transport av varer i klasse 7, radioaktivt materiale, må du ha eit utvida ADR-kompetansebevis som byggjer på ADR-kompetansebeviset for grunnkurset. Ved transport av unntakskolli (UN-2908–2911) og i enkelte andre tilfelle (sjå S12 i kapittel 8.5) blir det ikkje kravd eige kompetansebevis for klasse 7.

ADR tank

Utvida ADR-kompetansebevis for tank blir kravd dersom du køyrer

  • faste tankar eller laustankar over 1 m3
  • batterikøyretøy med samla volum over 1 m3
  • tankkonteinarar med individuelt volum over 3 m3
  • multimodale tankar eller MEGC-ar med individuelt volum over 3 m3

Skal du ta ADR-kompetansebevis for tank i tillegg til det grunnleggjande, er det spesielt viktig at du ser nærare på somme av kapitla i ADR-boka, blant anna

  • kapittel 6.7, som tek for seg multimodale tankar
  • kapittel 6.8, som tek for seg tankar, laustankar, batterikøyretøy, tankkonteinarar og MEGC-ar
  • kapittel 6.9, som tek for seg tankar av armert plast
  • del 9, som tek for seg reglar for konstruksjon og typegodkjenning av køyretøy, til dømes godkjenningsattest (9.1.1)
  • 5.3.2.3 i del 5, som tek for seg farenummer
  • 5.3.3 i del 5, som viser merking av stoff med høg temperatur

I tillegg er tabell 3.2A i del 3 svært viktig:


  • Sjå kolonnane (1), (5) og (20) for merking av tank- og bulkkøyretøy.
  • Sjå kolonne (14) for kva typegodkjenning køyretøyet skal ha.
  • Sjå kolonnane (12) og (13) om vara kan fraktast i tank eller fiberarmert tank.
Skrive av Bernhard Hauge og Per Haukeberg. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 10.02.2022