Korleis blir trea i skogen til ferdig malt panel? - Bransjelære (TP-TOL vg2) - BETA - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Korleis blir trea i skogen til ferdig malt panel?

Det kan du sjå her ved å følgje flyten i produksjonen hos ein trevareprodusent.

Trea blir felte, og tømmeret blir frakta via skogsvegar fram til lunneplassar. Ein lunneplass er ein anleggsplass for mellomlagring, handtering og vidaretransport av tømmer. Der blir tømmeret sortert, kappa og lasta på tømmerbilar for vidare transport til trevareprodusenten.

Her følgjer du flyten frå tømmer kjem inn til anlegget, og vidare gjennom sagbruk, høvleri og til slutt overflatebehandling.

Ta ein titt innom dei ulike avdelingane og sjå kva som går føre seg.

Korleis følgje produksjonsflyten?

Ved å følgje tala vil du sjå korleis produksjonslinja går frå tømmer til ferdig malt panel.

Utvid biletet først, slik at det blir enklare å få god oversikt. Så trykkjer du deg inn på tala for å få kort informasjon og ein liten titt inn i avdelingane. Du får høve til å bevege deg rundt i ein 360-gradersvideo på nokre av avdelingane. Bruk musa og dra i videoen for å sjå deg rundt i rommet.



I videoane nedanfor får du fortalt litt meir om kva som går føre seg i dei ulike avdelingane.

1. Tømmerproduksjon
2. Vurdering og oppmåling av tømmeret
3. Saglinja - frå tømmer til plank
4. Tørkeprosessen
5. Justerverk - sortering og kontroll
6. Høvleriet - frå plank til panel
7. Interiøravdelinga - overflatebehandling
8. Lager
9. Lasting og transport

Tømmerproduksjon

Vi har store mengder skog i Noreg, og mange bedrifter som arbeider med produksjon av ulike treprodukt. I videoen under kan du lære om skogbruket, ulike tresortar og kva desse blir brukte til, og korleis vi kan ta vare på skogen på ein berekraftig måte.

Tømmerproduksjon. Video: Hilde Gullhaug Hennes , Solør videregående Sønsterud, Tore Nilsen / CC BY-NC-SA 4.0

Vurdering og oppmåling av tømmeret

Tømmeret som kjem frå skogen, har ulik kvalitet, men korleis går eigentleg kvalitetsvurderinga av tømmeret føre seg? Det vil du sjå i videoen nedanfor, der mengd og kvalitet på tømmeret blir vurdert før vidare foredling.

Vurdering og oppmåling av tømmer. Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Saglinja – frå tømmer til plank

For at du som kunde skal kunne få den rette storleiken på materialane du treng, må tømmeret gjennom ein sagprosess. Her blir tømmeret grovkappa til plank, før det eventuelt går vidare i produksjonslinja.

Saglinja hos trelastprodusent. Video: Jarle Sten Olsen, Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Tørkeprosessen

I tørkeprosessen blir trevirket varma opp over lang tid for å forbetre mange av eigenskapane til materialane. I videoen nedanfor får du sjå korleis denne prosessen går føre seg, og kva som skjer med restane frå produksjonen av trelast.

Tørkeprosessen hos trelastprodusent. Video: Jarle Sten Olsen, Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Justerverk – sortering og kontroll

I justerverket blir dei ferdig saga plankane kappa i rett lengd og sorterte etter kvalitet. Kva plankar kan bli til kva produkt? Dette lærer du om i videoen nedanfor.

Sortering og kontroll av trelast. Video: Jarle Sten Olsen, Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Høvleriet – frå plank til panel

For at materialane du kjøper i butikken, skal få rett utforming og eigenskapar, må dei gjennom høvleriet. Det er der dei grove plankane blir til produkt som panel eller listverk.

Høvleriet hos trelastprodusent. Video: Jarle Sten Olsen, Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Interiøravdelinga – overflatebehandling

Nokre kundar ønskjer ferdigmåla materialar når dei skal byggje seg noko nytt. Det kan vere både måling, beising og impregnering av treverket. I interiøravdelinga får du eit innblikk i korleis materialar blir overflatebehandla etter bestilling før dei blir pakka.

Overflatebehandling av trelast. Video: Jarle Sten Olsen, Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Lager

Den ferdigproduserte trelasta blir lagra i store reolar for seinare å bli plukka etter ordre frå byggjevarehus og byggmeistrar.

Lager hos ein trelastprodusent. Video: Jarle Sten Olsen, Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Lasting og transport

Ordre frå kundar, som til dømes byggjevarehus og byggmeistrar, blir plukka med truck og lasta på store lastebilar for vidare transport.

Relatert innhald

Fagstoff
Frå skog til trelast

I dette emnet følger vi prosessen frå treet blir planta i skogen til det blir hogge, omarbeidd i industrien og endar opp som ferdige byggemateriale.

Fagstoff
Miljøsertifisering av tømmer

Miljøsertifisert tømmer skal sikre at tømmeret kjem frå miljøvennleg skogbruk. Sertifiseringa består av eit sett standardar.

Skrive av Mette Broen og Marius Weum Stick.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2022