Vareflyt for ei handelsbedrift - Bransjelære (TP-TOL vg2) - BETA - NDLA

Hopp til innhald
Bokmål
Fagartikkel

Vareflyt for ei handelsbedrift

Her lærer du korleis handelsnæringa formidlar ferdigvarene til sluttbrukarane. Handelsnæringa formidlar ferdigvarer frå industrien til sluttbrukarane. For å klare dette har handelsnæringa organisert seg i daglegvarekjeder og faghandelskjeder.

Film om vareflyt (5:49)

Kan du tenkje deg kor mange ulike operasjonar som må til før du kan kjøpe vara i ein butikk? Video: Tom Knudsen & Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Daglegvarekjeder

Døme på daglegvarekjeder er COOP, NorgesGruppen og Rema 1000. Døme på faghandelskjeder er Fargerike, som formidlar måling, og Brødrene Dahl, som formidlar VVS-artiklar (varme, ventilasjon og sanitær). Daglegvarer er varer vi treng ofte, medan varer frå faghandelen er varer vi bruker sjeldnare.

Sentrallager

Varekjedene bruker eit sentrallager i Oslo-området og regionlager plasserte nær større befolkningskonsentrasjonar for å kunne etterfylle butikkane på kort varsel. Til dømes har REMA 1000 sentrallager på Langhus like utanfor Oslo og regionlager i Bergen, Trondheim, Molde og Narvik.

Film om sentrallager kjøl (5:32)

Kor viktig trur du det er med rett temperatur og skånsam behandling av matvarer? Video: Øystein Johannessen / CC BY-ND 4.0

Regionlager

Regionlagra får påfylling av varer frå sentrallageret, medan sentrallageret kjøper inn nye varer frå industribedriftene i takt med den samla etterspurnaden frå alle kjedebutikkane.

Transportløysingar

Ulike varer stiller ulike krav til lagring og transport. Daglegvarer – til dømes lett bedervelege matvarer som kjøt og meierivarer – krev riktig temperatur. Ei faghandelsvare som røyr til oljeleidningar krev heilt andre transportløysingar. Vi finn derfor ulike transportløysingar (distribusjonskanalar) for dei ulike kjedene.

Somme bruker berre biltransport, andre bruker ein kombinasjon av bil, tog og båt. Til å levere daglegvarer til Svalbard bruker ein fly.

Relatert innhald

Fagstoff
Logistikk på veg

Filmen viser logistikken ved eit omlastingslager, med henting, sortering og ompakking av gods for vidare transport med lastebil ut til mottakarane.

Oppgåver og aktivitetar
Logistikk på sjøen

Filmen viser aktivitet ved hamneterminalen og transporten som går føre seg på sjøvegen frå og til Noreg og kontinentet.