Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Kva er etikk?

Vi gjer ei rekke val kvar dag. Det er ikkje alltid lett å vite kva som er rett, og kva som er gale. Det er mange omsyn å ta.

E-forelesing om etikk i matlaging

I denne e-forelesningen (lengde 3:30) får du ei innføring i etikk og etiske problemstillingar som kan oppstå innanfor restaurant- og matfaga.

Video: Amendor / CC BY-SA 4.0

Etikk og konsekvensar i kvardagen

Etikk handlar om korleis vi menneske tek omsyn til kvarandre. Oppfatninga av kva som er rett og gale, kan vere ulik frå person til person. Det varierer innan same kultur og mellom ulike kulturar. Det kjem an på kva normer, verdiar, haldningar og livssyn ein har.

  • Om du bryt dei etiske reglane i kvardagen, blir du kanskje straffa med stygge blikk og sosial utestenging.
  • Om du bryt yrkesetiske reglar, kan du få påtale av dei overordna.
  • Om du bryt lova, kan du bli straffa med bøter og fengsel.

Etikk og moral

Etikk er læra eller teorien om kva som er rett og gale. Etikken hjelper deg å vurdere ulike val når det ikkje finst noko klart fasitsvar.

Moral handlar om korleis du oppfører deg, altså kva du faktisk gjer. Å handle moralsk betyr å oppføre seg etter dei normene og reglane som gjeld i den gruppa ein høyrer til. Gruppa kan vere familien, vennegjengen eller kollegaene. Umoralsk åtferd fører gjerne til negative reaksjonar fra andre.

Kvardagsetikk og yrkesetikk

Valsituasjonar oppstår både privat, på skulen og på jobben. Vi skil derfor mellom kvardagsetikk og yrkesetikk.

Kvardagsetikk handlar om dei vala du gjer som privatperson, til dømes korleis du tek omsyn til familie og venner.

Yrkesetikk handlar om dei vala du gjer som yrkesutøvar og fagperson. Desse vala angår kundar og kollegaer.

Yrkesetikken er meir omfattande enn kvardagsetikken fordi fleire menneske er innblanda, og reglane kan vere både skrivne og uskrivne. Kunnskap om etikk gjer deg i stand til å reflektere og vurdere val slik at du kan handle på ein ansvarleg måte.

Etiske dilemma

Mange val er vanskelege fordi det er så mange omsyn å ta. Når vi blir trekte mellom ulike omsyn, seier vi at vi har eit etisk dilemma. Som fagarbeidar vil du stå overfor val der du må vege ulike omsyn mot kvarandre, og det blir di oppgåve å bestemme kva som skal gjerast.

Vi har eit etisk dilemma når

  • ulike verdiar eller kjem i konflikt med kvarandre

  • det som er rett for éin, blir feil for ein annan

  • ingen av løysingane er gode

Dette handlar om å velje éi handling når to eller fleire verdiar eller normer er viktige. Slike utfordringar møter vi både privat og på jobb.

Etisk vurdering

Ei etisk vurdering er ei vurdering av kva som er viktigast eller mest rett. Sjølv om det ikkje finst eit fasitsvar, er det lurt å tenke gjennom ulike situasjonar du kan komme opp i på jobb. Når du står overfor eit etisk , må du spørje deg sjølv: Kva skal eg legge mest vekt på? Nokre moglege tilnærmingsmåtar er:

Plikt
Du legg vekt på å gjere plikta di. Det betyr at du ønsker å følge skrivne og uskrivne lover og reglar.
Formål
Du legg vekt på at formålet med ei handling er godt. Eit godt resultat er viktigare enn at du følger alle reglane.
Konsekvens
Du tenker mest på konsekvensane. Det valet som har færrast dårlege konsekvensar, for deg sjølv eller andre, er det beste valet.
Sinnelag
Du meiner at det er tanken bak som tel. Det betyr at valet må vere i tråd med det verdisynet du har, til dømes eit bestemt livssyn.

På jobb

Som profesjonell yrkesutøvar skal du kjenne og følge lov- og regelverk. Viss lovverket seier noko om kva som er rett eller gale i ein situasjon, er du pålagd å følge dette når du er på jobb. Det finst òg etiske retningslinjer for ulike yrkesgrupper og institusjonar. Dersom lovverket ikkje gir eit klart svar på kva som er rett i ein situasjon, kan desse retningslinjer hjelpe deg å ta etisk gode val.

Tenk over

  1. Kvifor er det ekstra viktig med etiske reglar i eit yrke der ein jobbar med mat og menneske?

  2. Tenk deg at du oppdagar at ein kollega ikkje vaskar hendene før matlaging. Kva kan vere eit etisk dilemma i denne situasjonen?

  3. Kvifor kan det vere vanskeleg å velje rett når ein står i eit etisk dilemma?

Skrive av Trine Merethe Paulsen og Tove Bostad.
Sist oppdatert 25.08.2026