Oppgave
Kva kan du om service?
Etter at du har jobba med temaet service og kundebehandling, kan du teste kunnskapane dine med desse oppgåvene.
Drøft kva som kjenneteiknar god og dårleg service.
Ta utgangspunkt i praksisbedrifta di eller ei anna bedrift du har god kjennskap til. Drøft rolla til servicemedarbeidaren og kva personalet har å seie for serviceopplevinga.
Gjer greie for kva materiell service, systemservice, personleg service og sjølvservice er.
Kvifor er service så viktig, trur du? Grunngi svaret.
Har du nokon gong opplevd dårleg service? Kva skjedde?
Det blir sagt at det skal ti gode serviceopplevingar til for å vege opp for éi dårleg. Kva tenkjer du om det?
Forklar kvifor god kommunikasjon er viktig i servicerolla.
Drøft påstanden: "Servicemedarbeidarar er den viktigaste ressursen i bedrifter."