Sal og marknadsføring

Planlegg marknadsføringa
God marknadsføring er nødvendig for alle bedrifter, og ho krev god planlegging. Først må du definere målgruppa: Kva kundar ønsker du å nå? Er det til dømes barnefamiliar, ungdom, studentar eller vaksne med god økonomi? Når du har definert målgruppa di, er det enklare å ta rette val som passar akkurat dei.
Neste steg er å setje mål for marknadsføringa: Kva vil du oppnå? Vil du auke talet på gjester i restauranten? Eller vil du auke salet av bestemde retter? Eller vil du kanskje gjere bedrifta meir kjend? Når målet er sett, blir det lettare å velje dei rette marknadsføringstiltaka og vurdere om dei har effekt.
Eit nyttig verktøy i planleggingsarbeidet er konkurransemidla, dei såkalla fem p-ane: produkt, pris, plass, personale og påverknad.
Produkt
Produktet er den vara eller tenesta som bedrifta tilbyr kundane. Det er òg det viktigaste konkurransemiddelet, for utan eit produkt har du ingenting å marknadsføre. Innanfor mat- og serveringsbransjen er produktet både maten, drikkevarene og servicen som blir tilbydd. I tillegg er ein god atmosfære og innbydande lokale viktige for at kundane skal få ei god oppleving og ønske å komme tilbake.
Du må vurdere kva behov produktet ditt dekker, og korleis det skil seg frå produkta til konkurrentane. Forskjellen kan til dømes ligge i høg kvalitet, god smak, berekraftige råvarer eller stort utval. Også produktutvikling, tilpassing til trendar og måten maten blir presentert på for kundane, speler ei viktig rolle.
Pris
Prisen må dekke alle kostnadene og gi forteneste. Samtidig må han ligge innanfor det kundane i målgruppa er villige til å betale. Ein familierestaurant set gjerne ein lågare pris enn ein gourmetrestaurant, til dømes. Prisen kan òg påverke korleis produktet blir oppfatta: Ein høg pris kan gi inntrykk av høg kvalitet, mens ein låg pris kan tiltrekke prisbevisste kundar. Tilbod, rabattar og pakkeprisar er andre salsfremmande tiltak du kan bruke for å tiltrekke fleire kundar.
Plass
Plass handlar både om fysisk plassering og om distribusjonsmetode. Ei bedrift med god plassering er lett tilgjengeleg og enkel å finne for kundane. I tillegg handlar plass om opningstider, parkeringshøve, lager, logistikk og eventuelle tilbod om hentemat eller uteservering.
Personalet
Personalet er ein viktig ressurs i alle bedrifter. Dyktige kokkar, vennlege servitørar og kunnskapsrike ferskvarehandlarar bidreg alle til ei positiv kundeoppleving.
For å kunne bidra effektivt til marknadsføring og sal må dei tilsette få god opplæring. Dei treng grundige kunnskapar om produktet slik at dei kan svare på spørsmål og gi råd og oppfordringar. I tillegg må dei ha ei god serviceinnstilling. Nøgde kundar gir gjerne gode tilbakemeldingar, og dei kjem ofte tilbake.
Påverknad
Påverknad handlar om marknadskommunikasjon, det vil seie korleis du og bedrifta kommuniserer med kundane for å informere om produktet. Her kan du bruke reklame og kommunikasjon i ulike former og kanalar.
Eit aktivt nærvær på sosiale medium kan vere ein effektiv måte å nå ut til kundar på. Du kan til dømes dele bilete og videoar av mat og drikke, og kundeopplevingar og tilbod. Ei eiga nettside der kundar finn opningstider, menyar, bordreservasjon og informasjon om tilbod, kan òg vere eit viktig marknadsføringstiltak.
Du bør i tillegg vurdere annonsering i ulike kanalar, kampanjar, temakveldar og andre salsfremmande tiltak. Og: Den kanskje beste marknadsføringskanalen er nøgde kundar som anbefaler bedrifta di til andre.

Forbrukaråtferd og forbruksmønster
Med forbruksmønster meiner vi dei vanane folk har når dei kjøper og bruker varer og tenester: kva, kor ofte og kor mykje dei bruker å kjøpe. Forbrukaråtferd handlar både om korleis kundane vel når dei kjøper, og kvifor dei vel slik dei gjer.
Påverknadsfaktorar
Det er mange faktorar som kan påverke forbrukaråtferda, mellom anna verdiar, haldningar, økonomi, kultur, personlegdom, interesser og påverknad frå familie og venner.
I restaurant- og serveringsbransjen er det viktig at du forstår kva som motiverer gjestene til å komme. Då kan du velje menyar og salsstrategiar som treffer dei best mogleg. I dag er til dømes mange opptekne av berekraft og helse. Dersom bedrifta di tilbyr økologiske råvarer eller plantebaserte menyar, kan du tiltrekke deg denne kundegruppa. Andre kundar søker opplevingar og kan tiltrekkast av sosiale temakveldar, kurs eller spesielle arrangement.
Økonomi speler òg ei stor rolle. I periodar med trong økonomi til dømes blir kundar gjerne meir prisbevisste, og då kan rimelege menyar eller tilbod vere effektive tiltak.
Endringar over tid
Marknadsførings- og salstiltak kan påverke korleis kundane tenker, føler og handlar. Over tid kan påverknaden skape endringar i forbruksmønstera. Kundane kan til dømes gå over til å velje sunnare eller meir berekraftige alternativ. Forbruksmønster vil òg endre seg i takt med trendar, med samfunnsutviklinga og med ny teknologi.
Innsikt i forbrukaråtferd
Om du skal lykkast med marknadsføring, er det avgjerande at du finn ut kva som motiverer kundane i målgruppa, kva behov dei har, og kva som påverkar vala dei tek. Når du veit dette, er det lettare for deg å setje inn marknadsføringstiltak som treffer godt.
Reflekter
Korleis kan positiv omtale påverke andre sine val og vanar?
Tenk på eit måltid eller produkt du nyleg har kjøpt. Kva påverka valet ditt? Var det pris, smak, utsjånad, oppfordringar frå venner, omtale i sosiale medium, eller var det noko anna?
Korleis kan marknadsføring bidra til ein sunnare livsstil blant forbrukarar?