Kva er etikk?
To filosofar om etikk og moral
I filmen under (lengde 3:37) snakkar filosofane Kaja Melsom og Ole Martin Moen om etikk og moral. Dei forklarer forskjellen på desse to omgrepa og reflekterer over om det finst fasitsvar i etikken.
Rett og gale
Vi har alle ei forståing av kva som rett og gale. Vi har alle opplevd å bli urettferdig behandla. Dei fleste av oss har opplevd å bli såra, anten fysisk eller psykisk. Vi kan ha blitt utsette for krenkingar som hets, vald, audmjuking, utestenging eller mobbing, eller vi kan ha sett andre bli offer for slike handlingar.
Dette er opplevingar som rører oss på ein grunnleggande måte. Det blir opplevd som ein urett. Vi opplever det som gale, eller vondt, eller urettferdig, noko som ikkje burde hende.
Slike hendingar skaper ofte sterke reaksjonar – ikkje berre fordi nokon har gjort noko gale mot oss, men fordi sjølve handlinga blir opplevd som moralsk gal eller urettferdig. Dette ville ikkje vore mogleg viss det ikkje samtidig fanst noko som var rett og riktig, ein moralsk standard for korleis vi burde oppføre oss mot kvarandre.
Alle samfunn bygger på visse grunnleggande førestillingar om kva som rett og gale og godt og vondt, men desse førestillingane kan variere frå samfunn til samfunn og frå individ til individ. Ofte er vi ueinige om kva som er moralsk og etisk rett i ein bestemt situasjon, og kvifor noko er godt, mens noko anna er vondt.
Etikk og moral
Til dagleg bruker vi ofte omgrepa etikk og moral om kvarandre som to synonym. I filosofien er det likevel vanleg å skilje mellom dei og definere etikk og moral på to ulike måtar. Moral er oppfatningar om rett og gale og godt og vondt i eit samfunn.
Moralen seier noko om korleis vi bør handle i ulike situasjonar, og kva for haldningar som er rette og gale. I samfunnet vårt er det til dømes rett å hjelpe menneske som lid, gripe inn viss nokon blir utsette for eit overgrep og ikkje lyge eller stele.
Etikk er refleksjonar over moralen. Det kan òg definerast som læra om moral. I etikken er ein oppteken av å grunngi kvifor noko er rett eller gale og tenke systematisk gjennom oppfatningane våre av godt og vondt.
Ifølge moralen er det til dømes gale å lyge overfor ein venn. Dette forbodet kan ha ulike etiske grunngivingar. Ei etisk grunngiving kan til dømes vere at løgn øydelegg tilliten mellom menneske.