Sirkulasjon i brønnen (boresimulator)

Øvinga i hovudtrekk
Når vi borar, må vi alltid sirkulere væske i brønnen. Derfor skal du først klargjere overflateutstyret for sirkulasjon. Når du startar pumpene, blir væske sirkulert innvendig i borerøyra, ned i brønnen, ut i ringrommet og opp til slambehandlingsutstyret på overflata.
Denne øvinga handlar om å starte sirkulasjon riktig, lese av trykk, omdirigere returen gjennom BOP-en og observere korleis trykket utviklar seg når vi tek returen ut gjennom chokeline.
Klargjering av sirkulasjonssløyfa
Sirkulasjonssløyfa går frå pumpene til standpipe manifold, til top drive, inn i borestrengen, ut gjennom dysene i borekrona, ut i ringrommet (brønnen) og opp til returlinja på overflata.
Når vi skal klargjere for sirkulasjon, må vi setje ventilane på standpipemanifolden i rett posisjon og passe på at ventilane i BOP-en står i open posisjon slik at det er ope frå pumpa til brønnen og frå ringrommet til overflateutstyret.
Trykkavlesing
Først finn du eit måleinstrument på drillers panel som viser leveringstrykk i systemet, og eit måleinstrument som viser returtrykket. Trykket på leveringssida kan målast ved pumpene, i standpipe manifold og i top-drive-overgangen til borerøyra.
Når BOP-en blir stengd rundt borestrengen, må vi opne chokeline-ventilane slik at returen kjem til overflata gjennom chokemanifolden. Målepunktet for returtrykk ligg i chokeline føre chokeventilen. Det betyr at vi kan måle kor mykje trykk som oppstår når vi strupar innvendig i choken.
Når du skal samanlikne trykkutvikling i ulike situasjonar, er det viktig at du vel eitt avlesingspunkt for leveringstrykket (drillpipe pressure) og eitt for returtrykket (casing pressure) og bruker det same under heile øvinga.
Simulatorøving – måling av friksjonstrykk
Del 1: Klargjering av manifoldar

Klargjering handlar om å setje ventilar i rett posisjon og stadfeste (verifisere) at det stemmer, før ein startar pumpene.
Klargjer standpipemanifolden og standpipe slik at væska har fri bane frå pumpa til top drive.
Klargjør BOP-ventilane på BOP-panelet slik at returslamstraumen går opp til retur-flowline.
Sjekk at ventilar er stilte inn riktig.
Del 2: Sirkulasjon opp riseren
Pass på at slammet som blir brukt, er 1,25 sg.
Start pumpa, og bring ho opp i 40 SPM.
Les av leveringstrykket og returtrykket, og noter resultatet.
Senk pumperaten til 30 SPM, og noter resultatet.
Stans pumpa.
Diskuter
Kva skjedde med leveringstrykket når pumperaten blei endra?
Forklar verdien på returtrykket.
Del 3: Klargjering for retur gjennom chokeline

Steng BOP-ventilen på BOP-panelet slik at returslamstraumen går til chokeline.
Klargjer chokemanifolden slik at slamstraumen går gjennom ein av dei fjernopererte strupeventilane til mud-separatoren.
Still choken fullt open på chokepanelet.
Sjekk at ventilar er stilte inn riktig.
Del 4: Returstraum gjennom fjernoperert choke
Pass på at slammet som blir brukt, framleis er 1,25 sg.
Teikn ein tabell som vist her.
Choke-opning | Open (100 %) | 7/8 (87,5 %) | 3/4 (75 %) | 5/8 (62,2 %) | 1/2 (50 %) | 3/8 (37,5 %) |
|---|---|---|---|---|---|---|
| DP-trykk | ||||||
| Casing-trykk |
Start pumpa og bring ho opp i 40 SPM. Les av trykk og returtrykk, og noter i tabellen.
Still inn choken etter kolonnane i tabellen.
Stans pumpene når heile tabellen er fylt ut.
Del 5: Refleksjon

Tenk gjennom øvinga, og set ho inn i ein brønnkontrollsituasjon (kick som skal sirkulerast ut).
Kvifor er det viktig å verifisere at klargjeringa av manifoldar og ventilar er riktig, før pumpa blir starta?
Drøft avlesingane. Korleis påverka chokeopninga trykket?
Kva betydning har trykket som blir skapt i chokeline, på botntrykket?
På kva annan måte kan trykket aukast på botnen av brønnen?
Når er det aktuelt å stengje BUP og sirkulere returen gjennom chokemanifolden?
Øvinga kan skrivast ut frå dette dokumentet:
Relatert innhald
I dette arbeidsoppdraget får du øve på å bruke "drillers metode".