Riggen får BOP
Gjenbruk av viktig boreutstyr
Deepsea Stavanger er ein sjettegenerasjons halvt nedsenkbar rigg som er eigd av Odfjell Drilling. Han kan operere på havdjup på opptil 3 000 meter. Riggen har dobbelt boretårn, som gjer at han kan bore og handtere røyr samstundes.
I 2021 fekk han ein ny BOP om bord. Det vil seie: Eigentleg er han ikkje ny, han blei teken ut frå same riggen i 2016 og har vore i Houston, der han blei vedlikehalden og reparert. No er han god som ny, sjølv om han er frå 2010.
Sjå filmen "Service på en borerigg" (lengde 07:55).
Til ettertanke
Kva er ein BOP?
Kor mykje veg denne BOP-en?
Kvifor blir ein gammal BOP brukt om att?
Kor djupt i havet kan BOP-en stå?
Korleis blir BOP-en plassert på rett stad på havbotnen?
Er det meininga at det skal kome olje opp gjennom BOP-en?
Lærte du noko anna frå denne videoen?
Fordjuping
Bruk NDLA og internett til å finne ut korleis ein BOP verkar.
Lag ei skisse av BOP-en, og plasser ventilane med namn på riktig stad. Forklar plassering, føremål og verkemåte for ventilane.
Relatert innhald
I en BOP er det to typer ventiler: ringventil i hard gummi (annular) og stempelventil i stål (ram).
BOP er sekundærbarrieren som monteres på brønnhodet i forbindelse med boring og brønnvedlikehold.