Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Lær om boreslam

Brønnen er alltid fylt med væske. Mens vi borar, bruker vi borevæske, som har mange ulike oppgåver i brønnen. Ressursen viser ei oversikt.

Ulike borevæskenamn

Borevæske har fleire namn som vi bruker litt om kvarandre:

  • boreslam

  • slam

  • mud (engelsk)

  • drilling mud (engelsk)

Lær om boreslam

Borevæska blir sirlulert med store slampumper frå tank, til brønn. Frå brønnen går væska gjennom eit reinsesystem og deretter tilbake til tanken.

Sirkulasjonssystem på rigg

Boreslam sirkulerer ned gjennom borestrengen, ut i ringrommet og opp til overflateutstyret på riggen.

Trykk på klikkpunkta i illustrasjonen under for å få meir informasjon.

Testing i lab

I laboratoriet blir borevæske miksa i mindre volum for å sjekke eigenskapar som densitet, viskositet og bereevne (gelstyrke).

Kva er borevæske laga av?

Vassbasert slam er ein type borevæske

Saltvatn er basis for vassbasert borevæske.

Viskositetsmaterialet (bentonitt og polymerar) gjer at borevæska blir tjukk og seig. Ei seig eller viskøs borevæske løfter borekaks til overflata.

Vektmateriale (barytt): Vekta til borevæska verkar mot trykket frå formasjonen det blir bora i.

Kjemikalie: Av og til er det naudsynt å bruke spesialkjemikaliar for å sikre boreholet.

HMS

Vassbasert borevæske er minst skadeleg for det fysiske arbeidsmiljøet.

Støv og søl gjer det viktig å bruke hanskar og ansiktsmaske når vi jobbar med borevæsker.

Oljebasert borevæske blir berre brukt i spesielle situasjonar.

Oljebasert borevæske er skadeleg for menneske og livet i havet.

Kva for eigenskapar er viktige for borevæske?

Viskositet

Borekaks må ut av brønnen for at det ikkje skal bli liggande i holet og blokkere for borekrona og vidare boring.

For å ta borekakset med seg til overflata må borevæska ha høg viskositet.

Viskositeten blir auka ved å tilsetje bentonitt og polymerar.

Slamvekt

Vekta av borevæska hindrar at formasjonstrykket kjem inn i brønnen.

Vekta på borevæska blir auka ved at det blir tilsett vektstoff, barytt, slik at trykket i brønnen balanserer trykket i formasjonen.

Vil du jobbe med boreslam?

Vel fordjupinga boreoperatørfaget, bore- og vedlikehaldsoperatør.

Relatert innhald

Skrive av Anna Aabø.
Sist oppdatert 14.03.2025