Bottom Hole Assembly – BHA - Utstyret nederst i borestrengen - Boring (TP-BRT vg2) - BETA - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Bottom Hole Assembly – BHA

Fagartikkel

Utstyret nedst i borestrengen

Utstyret som blir brukt i nedste del av borestrengen. vel vi etter kvar og korleis vi skal bore. Det er spesialverktøy som utfører boring, styring og logging.

BHA for boring

Utstyret som blir brukt i nedste del av borestrengen, vel vi etter kva seksjon som skal borast, kva formasjonstype som skal borast, og kva brønnbane som skal lagast (, eller vinkel).


er alt utstyr som er nedst i borestrengen. Borerøyra inngår ikkje i BHA. Dei er sambandet mellom BHA og boredekket.

Det vanlegaste utstyret i ein borestreng er

  • borkrone (bit)
  • einvegsventil (float valve)
  • holopnar (hole opener)
  • underreamer
  • slammotor (mudmotor)
  • vinkelbyggjar (steerable system)
  • by-pass valve
  • måleutstyr (measurement while drilling, som blir forkorta MWD)
  • loggeutstyr (logging while drilling, som blir forkorta LWD)
  • stabilisator (stabilizer)
  • frigjeringsverktøy (jar)
  • tunge borerøyr (heavy wall drill pipe)
  • vektrøyr (drill collar)

Bruksområde i ulike seksjonar i brønnen

I dei to første seksjonane skal brønnen vere vertikal. Det er viktig med mykje vekt i BHA for å bore vertikalt, noko vi oppnår ved å bruke fleire lengder med vektrøyr. Vi bruker ein stabilisator for å sentrere borestrengen i holet og på den måten unngå differensiell fastkøyring. Ofte bruker vi holopnar i BHA slik at utboringa av det store holet skjer gradvis i lengderetninga.

I dei følgjande seksjonane i brønnen er det vanleg å bruke utstyrskomponentar som kan byggje, halde og droppe vinkel. Alternativa som blir brukte, er slam-motor og eit roterande styrbart system (RSs).

Logging i brønnen

For å stadfeste at vi har oppnådd ønskt vinkel, er det vanleg å bruke MWD-utstyr som måler nøyaktig posisjon på borkrona. Det er vanleg å inkludere LWD-utstyr for å kunne logge formasjonsdata i brønnen i dei to siste seksjonane. Eigaren av feltet (oljeselskapa) vel kva loggar som skal brukast i BHA, for å få viktig informasjon om formasjon og formasjonsvæske.

Skrive av Linda Vasshus Lidal. Rettshavar: Cerpus AS
Sist fagleg oppdatert 26.07.2017