Hopp til innhald
Fagartikkel

Vev og organ hos plantane

Plantar er stort sett bygde opp på same måte, med rot, stengel, blad og blomstrar. Denne oppbygginga gjer det mogleg for plantar å produsere si eiga næring ved hjelp av lys og å leve i omgivnader som endrar seg, sjølv om dei ikkje kan flytte på seg.

Struktur og utvikling hos plantar

Då plantane erobra landjorda, var utfordringane mange:

  • På grunn av tyngdekrafta måtte dei danne stive celleveggar, stengel og stammar for å kunne stå oppreiste.

  • Plantane trong eit system for å transportere vatn. I tillegg utvikla dei eit vokslag for å hindre vatnet i å fordampe, slik at dei kunne tole tørke.

  • Plantane måtte utvikle frø som beskytta plantefosteret med eit ytre skal, og som inneheldt næring til fosteret. På denne måten kunne frøa transporterast over lange avstandar. Det gav frøplantane eit fortrinn samanlikna med andre plantar. Resultatet er at dei har blitt dei mest dominerande plantane på landjorda i dag.

Sjølv om kvar planteart har sine karaktertrekk, og det er stor variasjon innanfor planteriket, har plantane likevel ei felles oppbygging.

Oppbygging hos frøplantar

Til liks med dyr er plantane fleircella organismar der cellene samarbeider i ulike vev, organ og organsystem som saman driv alle livsprosessane i planten.

Vev — samarbeid mellom planteceller

Hos plantar finst det fire ulike vevstypar:

  • hudvev (epidermis) – avgrensar og beskyttar planten mot omgivnadene og kontrollerer utveksling av gassar

  • leidningsvev – spesialisert på transport av vatn og næringsstoff

  • grunnvev – spesialisert på å drive fotosyntese, på å støtte opp planten slik at han kan stå oppreist, og på å lagre vatn og næringsstoff

  • vekstvev (meristem) – består av uspesialiserte celler som driv aktiv celledeling og dermed bidreg til vekst og utvikling

Planteveva kan vere enkle og bestå av éin celletype, eller dei kan vere meir komplekse. Leidningsvev er eit døme på eit vev som består av mange ulike celletypar.

Vekstvev

Vekstvevet er ansvarleg for all vekst hos plantar. Det produserer celler som raskt gjennomgår celledifferensiering eller spesialisering og blir til permanent vev (hudvev, leidningsvev eller grunnvev). Celler i dei permanente vevstypane har ikkje lenger moglegheit til å dele seg.

Det finst to typar vekstvev:

  • skot- og rotmeristem, som mogleggjer lengdevekst

  • sidestilte meristem, som gjer at planten kan vekse i breidda (finst berre hos vedplantar)

Hos mosar og karsporeplantar består vekstvevet berre av éi celle som åleine er ansvarleg for vekst.

Planteorgan — samarbeid mellom ulike vevstypar

Plantar består av

  • rot

  • stengel eller stamme

  • blad

  • blomstrar eller kongler

Dei ulike delane har kvar sin hovudfunksjon.

Rot for feste og opptak av vatn og næring

Rota fester planten til underlaget og tek opp vatn og næring. Rota er tilpassa denne oppgåva ved at ho har stor overflate, og ved at ho kan vekse mot vatn og rundt hinder. Ytst på rota sit ei rothette som beskyttar vekstvevet når rota pressar seg gjennom jorda.

Hos mange toårige eller fleirårige plantar er røtene oppsvulma og tilpassa lagring av næringsstoff (rotknollar). Ein del artar blir dyrka fordi vi et røtene. Døme på dette er gulrot og kålrot.

Nokre plantar har utvikla klatrerøter som gjer det lettare for dei å vekse oppover tre eller bergveggar. Store tre som er mykje utsette for sterk vind, kan ha kraftige røter som støttar opp treet.

Plantar som veks i sumpområde, kan ha røter som veks oppover i staden for nedover. Slike anderøter skaffar røtene naudsynt oksygen.

Stengel eller stamme – ansvarleg for transport og støtte

Stengelen løfter planten opp frå bakken og er bindeleddet mellom røter, blad og blomstrar. Leidningsvevet i stengelen transporterer vatn og oppløyste stoff til dei delane av planten som treng det. Leidningsvevet har òg ein viktig støttefunksjon for planten. Samtidig må heile stengelen vere fleksibel nok til å tole vind utan å brekke altfor lett.

Hos vedplantar som store tre veks leidningsvevet saman og dannar dei karakteristiske årringane som vi kan sjå i tverrsnittet av ein trestamme. Ein trestamme består mellom anna av bork og ved. Borken hindrar uttørking.

Stengelen eller stammen kan vere utan greiner som hos palmar, eller sterkt forgreina som hos bjørketre. Nokre plantar har stenglar som er spesielt tilpassa omgivnadene. Jordbærplanten har til dømes utvikla utløparar, stenglar som veks bortover i staden for oppover. Nokre stenglar veks òg under bakken. Dei blir kalla jordstenglar, og vi finn dei til dømes hos kvitveis.

Bladet driv fotosyntese

Hovudoppgåva til bladet er å drive fotosyntese for å skaffe næring til vidare vekst og utvikling.

Dei fleste blad er grøne. Det kjem av at dei inneheld fargestoffet klorofyll, som er ansvarleg for fotosyntesen. Nokre blad kan likevel ha andre fargar og inneheld då fleire fargestoff, til dømes karotenoidar og antocyanin.

For å beskytte seg mot uttørking har bladet eit vokslag (kutikula) ytst. Under vokslaget ligg eit cellelag, epidermis, som bidreg til gassutveksling. På undersida av bladet er det spalteopningar (stomata) som sørgjer for gassutveksling med omgivnadene. Spalteopningane er omgitte av lukkeceller som styrer opning og lukking.

Elles i bladet finn vi eit tett palisadevev og eit lausare bygd svampvev med store luftrom. Både palisadevevet og svampvevet inneheld klorofyll, som driv fotosyntese. Blada har òg leidningsvev som sørgjer for transport av vatn og oppløyste stoff. Dette kan vi ofte sjå som eit nettverk på over- eller undersida av bladet.

Sidan plantar er fastsitjande, må dei i stor grad tilpasse seg miljøet dei lever i. Dette blir mellom anna spegla i tjukkleiken, forma og storleiken på blada. Plantar som veks i tropiske regnskogar og har avgrensa tilgang til lys, har blad med stor overflate, mens plantar som lever i ørkenen eller i kalde område, har små blad for å minimere vasstap.

Delar av eller heile blad kan òg vere gjorde om til slyngtrådar, piggar eller tornar som gir planten andre tilpassingar, til dømes for å beskytte planten mot beitedyr. Nokre blad har òg små hår, trikom, som bidreg i plantane sitt forsvar mot insekt og andre planteetarar.

Blomstrar og kongler produserer frø

Danning av blomstrar eller kongler hos plantar markerer ein overgang frå vekstfase til formeiringsfase. Blomstrar og kongler inneheld formeiringsorgana hos plantar, og har som hovudoppgåve å produsere og spreie frø som skal bli til neste generasjon.

Bartre og andre nakenfrøa plantar har kongler. Kongler er einkjønna. Det vil seie at det finst ei hannkongle som produserer pollen, og ei hokongle med fleire frøemne.

Blomstrar kan vere både einkjønna og tokjønna, men det er mest vanleg at blomsterplantane (dekkfrøa plantar) er tokjønna. Det finst eit rikt mangfald av blomstrar, når det gjeld både form og farge, men alle er bygde opp på same måte med begerblad, kronblad, pollenknapp og fruktemne.

Det er pollenknappen og fruktemnet som er formeiringsorgan hos blomsterplantane. Pollenknappen inneheld pollen, som fungerer som sædcellene til planten. Eggcella sit i frøemnet. Arret på toppen av fruktemnet er gjerne klissete, slik at det lettare kan fange pollen.

Når eggcella blir befrukta av pollen, vil ho etter kvart utvikle seg til eit frø. Når eggcella er befrukta, startar òg utviklinga av frukt frå fruktemnet. Frukta beskyttar frøet og modnast på omtrent same tid som frøet fullfører utviklinga si.

Kronblada har gjerne ein sterk farge som fungerer som reklameplakat for insekt og andre pollinatorar. Pollinatorar er ein viktig del av befruktinga hos mange plantar, sidan dei bidreg til spreiing av pollen.

Frukt

Vi kjenner frukter som eple, banan, appelsin og pære. Dei inneheld ulike næringsstoff som gjer dei til ein naturleg del av kosthaldet vårt.

Men kva er eigentleg ei frukt? Ei frukt er eit frøhus som har som oppgåve å beskytte og spreie frø, uavhengig av om ho er giftig eller etande for oss menneske.

Det finst ulike typar frukt med litt ulike eigenskapar:

  • kapselfrukt – tørr frukt med mange frø, opnar seg ved spreiing

  • nøtter – tørr frukt med hardt ytre skal og eitt frø

  • bær – saftig fruktkjøt og mange frø

  • steinfrukt – saftig fruktkjøt og ein indre stein som beskyttar frøet

  • falsk frukt – plante der fleire delar har blitt gjorde om til frukt

No har du fått innblikk i kva ei frukt er. Kan du tenkje deg til kva ei grønsak er?

Kjelder

Plant Form and Physiology. (2018.) I Openstax. Henta 21. oktober 2021 frå https://openstax.org/books/biology-2e/pages/30-introduction

Reece, J.B. et al. (2011). Campbell Biology (9. utg.). Pearson.

Taiz, L. et al. (2015). Plant Physiology and Development (6. utg.). Sinauer Associates.

Aarnes, H. (2020). Frukt. I Store norske leksikon. Henta 2. november 2021 frå https://snl.no/frukt

Skrive av Hanne Hegre Grundt, Ragnhild Kjeldsen og Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 14.10.2021