Utvikling i dyreriket - Biologi 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Utvikling i dyreriket

Utviklinga av organismar som høyrer til dyreriket, starta i havet for over 600 millionar år sidan. Dyreriket omfattar eit stort mangfald av artar, frå enkle organismar som svampar til høgt spesialiserte pattedyr som oss menneske. Det er med andre ord mange måtar å vere eit fleircella dyr på.

Kroppsbygging og funksjon i dyreriket

Det store mangfaldet i kroppsbygging og funksjon innanfor dyreriket er eit resultat av evolusjonære tilpassingar til ulike miljø. Dyra skil seg frå andre organismar ved at dei har ulike typar spesialiserte celler og samansette kroppsstrukturar. Enkelte dyr har få spesialiserte celler, mens dei meir komplekse har fleire typar vev, organ og organsystem.

Vi deler gjerne inn dyreriket i eit system basert på kroppsbygging og ulike utviklingstrekk hos dei ulike organismane. Denne inndelinga gir ei oversikt som kan bidra til å forstå samanhengen mellom kroppsbygging og ulike måtar å drive livsprosessane på.

Svampar – utan "ekte" vev

Svampar er dei mest primitive dyra, og dermed dei dyra som har enklast kroppsbygging. Svampar har ikkje utvikla "ekte" vev og organ, men har spesialiserte celler som samarbeider om ulike oppgåver.

Dei fleste svampar er fastsitjande og har ein kropp som kan minne om ein sekk full av porer. Denne kroppsbygginga er godt tilpassa eit liv i vatn. Svampar tek opp næringsstoff ved at vassmassane skyl inn over dei små porene i overflata og inn i eit indre holrom. Herfrå skyl vatnet ut avfallsstoff gjennom ei større ytre opning. Dette relativt enkle systemet bidreg til næringsopptak, utskiljing av avfallsstoff og gassutveksling.

Alle andre dyr dannar ekte vev under fosterutviklinga.

Nesledyr – to cellelag (ektoderm og endoderm)

Nesledyra blir rekna som dei første dyra som utvikla vev. Dei har likevel ei svært enkel kroppsbygging. Dei dannar berre to cellelag (endoderm og ektoderm) under fosterutviklinga og har ingen indre organ. Dei beheld urmagen heile livet og har berre éi ytre opning til omgivnadene. Urmagen fungerer dermed som både munn, mage, tarm og anus. Nesledyra er . Det inneber at dei kan møte omgivnadene sine frå alle kantar. Dette er ei nyttig tilpassing for organismar som lever i vatn.

Nesledyra har fått namnet sitt fordi dei inneheld stikkande nesleceller som lammar byttedyr og kan svi kraftig ved berøring.

Tosidig kroppsbygging og tre cellelag

Kroppsbygginga hos dei mest komplekse dyra er tosidig symmetrisk. Det inneber at dyret kan delast på midten og gi to delar som speglar kvarandre. Tosidig kroppsbygging gjer dyr veleigna for retningsbestemt bevegelse.

Dei komplekse dyra dannar tre cellelag (endoderm, ektoderm og mesoderm) under fosterutviklinga og har derfor meir avanserte vev og organ med spesialiserte oppgåver. Dei fleste dyra i denne gruppa har utvikla

  • kroppshole som beskyttar indre organ

  • fordøyingskanal med munn og anus

  • eigne organ for gassutveksling

  • sirkulasjonssystem som effektiviserer næringsopptaket

  • muskulatur som aukar bevegelegheita

  • sanseorgan knytte til eit nervesystem som tolkar informasjon

Dette er tilpassingar som gjer det mogleg for dyra å ha eit meir aktivt liv og overleve i miljø der dei må konkurrere med andre artar om næring.

Utviklingstrekk skil dei komplekse dyra

Det er to ting som skil utviklinga av dei meir komplekse dyra:

  • korleis dei utviklar fordøyingskanal

  • korleis dei utviklar skjelett

Protostome dyr – utviklar først munn

Protostome dyr gjer den første opninga (urmunnen) om til munn og utviklar etter kvart ei ny opning til anus.

I denne gruppa finn vi leddyr og rundormar som har utvikla eit ytre skjelett (eksoskjelett) eller skal. Det ytre skjelettet er godt eigna til å beskytte dyret mot omgivnadene og er derfor ei vellykka tilpassing. Denne tilpassinga har gjort til den største gruppa i dyreriket.

For å vekse må desse dyra kaste det gamle skalet og lage eit nytt. Dette krev mykje energi og avgrensar dermed moglegheita dyra har til kontinuerleg vekst.

Deuterostome dyr – utviklar først anus

Hos deuterostome dyr blir urmunnen gjort om til anus. Etter kvart blir det utvikla ei ny opning som blir munn. Desse dyra har indre skjelett.

Hos består skjelettet av kalkplater. Pigghudingane har femtalig radiærsymmetri som vaksne, men er tosidig symmetriske på larvestadiet.

Ryggstrengdyra har ein støttestruktur, ein ryggstreng, som strekkjer seg i heile lengderetninga av dyret på tidlege utviklingsstadium. Ryggstrengen gir opphav til knoklar og beinvev i skjelettet hos dei mest komplekse dyra. Det er gjerne desse dyra du først og fremst tenkjer på som "dyr", nemleg fiskar, fuglar, krypdyr, amfibium og pattedyr, mellom anna oss menneske.


Kroppsbygging i dyreriket

  • Svampar er utan symmetri og utan "ekte" vev.

  • Nesledyr er radiærsymmetriske og dannar to cellelag under fosterutviklinga.

  • Alle andre dyr har tosidig symmetri og dannar tre cellelag under fosterutviklinga.

Grunnleggjande strukturar hos alle dyr

  • Den ytre huda gir vern mot omgivnadene.

  • Den ytre opninga sørgjer for inntak og utskiljing av næringsstoff.

  • eller kroppshola bryt ned og tek opp næringsstoff.

  • Sansecellene er organiserte i eit meir eller mindre utvikla nervesystem, slik at dyra kan reagere på omgivnadene og kontrollere bevegelsane sine.

Virveldyr: dyr med ryggstreng eller ryggrad (virvelsøyle).

Virvellause dyr: alle dyr utan ryggstreng.

Kjelde

Introduction to Animal Diversity. (2018). I Openstax. Henta 14. oktober 2021 frå https://openstax.org/books/biology-2e/pages/27-introduction

Skrive av Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 26.10.2021