Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Vurderingsressurs

Sertifisering i vurdering av jordfukt

Jordfukt er ein viktig parameter å måle når vi er på feltarbeid. Øv på ein metode for å vurdere jordfukt, og vurder ferdigheitene til kvarandre.

Om jordfukt

Jordfukt er ein abiotisk faktor som har stor påverknad på kva artar som finst i eit område. For å vurdere jordfukta kan vi bruke ein enkel metode som heiter Raups fingertest.

I denne aktiviteten skal de øve på å forklare kvifor vi vurderer fukta i jorda, og vise korleis de kan gjere dette ved å bruke Raups fingertest.

Til læraren. Om sertifiseringsmetodikken

Sertifisering ved kvarandrevurdering

Sertifisering er ein effektiv måte å fremme kvarandrevurdering på og på den måten inkludere elevar i vurderingsarbeidet. I tillegg er kvarandrevurdering ein viktig naturvitskapleg praksis. I forsking blir både forskingsidéar og forskingsarbeid kvalitetssikra gjennom kvarandrevurdering (fagfellevurdering).

Forskarar er avhengige av å søke pengar til forskingsprosjekt. Dei som vurderer kven som skal få pengar, er fagfellar. Etter at eit prosjekt er gjennomført og ein vil dele funna med andre, må ein igjen gjennom ein runde med fagfellevurdering.

Les meir om fagfellevurdering på nettsidene til Berkeley universitet.

Gongen i sertifiseringa

Etter ei generell innføring der elevane blir kjende med det dei skal sertifiserast i, gjennomfører elevane ein ferdigheitsstige med eit valt tal trinn. Kvart trinn i denne stigen består av følgande element:

  1. To og to øver saman og demonstrerer for kvarandre mens dei følger ei sjekkliste.

  2. Når begge kjenner seg trygge på gjennomføringa, ber dei om å bli sertifiserte av ein annan som allereie er sertifisert på dette ferdigheitsnivået (for dei første elevane vil det vere ein lærar).

  3. Viss eleven viser gode nok ferdigheiter, blir hen sertifisert og kan dermed vere med å sertifisere andre.

Det er viktig å setje av nok tid til praktisk øving.

Forslag til reglar

  • Det er ikkje lov å sertifisere øvingspartnaren.

  • Dei som ikkje får godkjend gjennomføringa, må vente fem minutt før dei får prøve igjen.

  • Vurder å la dei som er sertifiserte, få bere eit merke som synleg bevis på at dei er godkjende og dermed kan bidra med å sertifisere andre. Bruk til dømes post-it-lappar. Ulike fargar kan symbolisere kva nivå i sertifiseringa ein er på.

Forklar og demonstrer Raups fingertest

For å bli sertifisert må du kunne

  • forklare kvifor det er interessant å vurdere fukta i jorda på ein lokalitet

  • forklare kvifor du tek prøven der du gjer

  • forklare kva som kan vere problemet med å vurdere ut frå éin prøve teken på eitt punkt

  • forklare kjenneteikna for kategoriane i Raups fingertest

  • vise korleis du utfører Raups fingertest

Bruk sjekklista under "Bli sertifisert" lenger ned når du øver. Jobb saman med ein annan. Vis og forklar for kvarandre.

Øv til du kjenner deg klar til å vise kva du kan.

Bli sertifisert

Sjekkliste

Forklar kvifor det er interessant å vurdere fukta i jorda på ein lokalitet

Fukta i jorda påverkar kva plantar som kan vekse der, kor raskt dei veks, og korleis dei konkurrerer.

Forklar kvifor du tek prøven der du gjer

Val av stad for prøvetaking avgjer om resultatet gir eit representativt bilete. Ein bør ta prøven på eit område som er typisk for lokaliteten, ikkje i ei grøft, på ei tue eller ein annan stad som skil seg mykje ut.

Forklar kva som kan vere problemet med å vurdere ut frå éin prøve teken på eitt punkt

Éin enkelt prøve kan gi eit feilaktig bilete fordi fukta varierer over små avstandar.

Forklar teikna for dei fire kategoriane

Kategoriar Raups fingertest

kategori

beskriving

1Tørr jord. Ingenting festar seg på fingrane.
2Tørr jord. Set farge på fingrane.
3Når jorda blir klemd i handa, piplar det vatn ut mellom fingrane.
4Det dryper vatn frå jorda utan at ho blir klemd.

Vis korleis du utfører Raups fingertest

  1. Fjern mose/strø over jordlaget slik at du får tilgang til den faktiske jordmassen, ikkje berre overflatevegetasjon.

  2. Ta ei lita handfull jord (5 cm3 ). Bruk gjerne ein kniv eller liknande.

  3. Legg jorda i handflata og rull ho mellom fingrane.

  4. Klem hardt rundt jorda.

  5. Vurder kva for ein av kategoriane jorda frå jordprøven høyrer heime i.

  • Sertifisering jordfuktighet

  • Kjelde

    Eidesen, P. B., Bjune, A. E., & Lang, S. I. (2023). "Show me how to use a microscope" – The development and evaluation of certification as direct assessment of practical lab skills. Ecology and Evolution, 13, e10592. https://doi.org/10.1002/ece3.10592

    Skrive av Pernille Bronken Eidesen og Thomas Bedin.
    Sist oppdatert 27.10.2025