Kjeldekritikk og kjeldebruk i biologi - Biologi 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kjeldekritikk og kjeldebruk i biologi

Når du jobbar med utforskande arbeid, må du ofte leite etter informasjon og sjekke fleire kjelder. Men korleis kan du vite om ei kjelde er til å stole på? Også i dagleglivet har vi behov for å vurdere truverdet til informasjon frå tallause kanalar.

Korleis finne gode kjelder?

Du har sikkert sett villeiande informasjon og falske nyheiter i sosiale medium og på internett. Kanskje har du òg spreidd ei "god historie" vidare til vener før du avslørte bløffen. Men korleis kan du sjekke om noko på nettet er sant eller usant?

Først og fremst er det viktig å bruke fleire kjelder. Dessutan bør du sjekke kven som står bak informasjonen, og om dei har ein eigen tilleggsagenda, til dømes marknadsføring eller politikk.

Viss du ikkje er bevisst når du vel kjelder, kan du bli lurt eller gå glipp av nyansar. Ei sak kan ha fleire sider. Det er derfor viktig å undersøkje fleire kjelder og sjå saka frå ulike perspektiv. Dei nyansane du finn då, kan vere med på å styrkje den faglege forståinga di.

Film om kjeldekritikk

Intervju med Kjetil H. Dale frå TV 2-nyheitene om kjeldekritikk. Video: TV 2, Kampanjen for journalistikken / CC BY-NC-ND 4.0

Korleis kan du så finne gullet blant all gråsteinen?

Bruk gjerne offentlege nettstader som har eit formidlingsansvar om det aktuelle temaet. Finn fram til nokre nettstader som du stoler på, og sjekk dei opp mot dei andre kjeldene du finn.

Det finst verktøy som hjelper deg med å avsløre løgner. Kjem du over noko på nettet som du meiner er for godt til å vere sant, kan desse nettstadene hjelpe deg med å sjekke sanningsverdien:


Faktisk.no

Snopes.com

Nokre gode råd og spørsmål du bør stille

  • Sjekk kven som er avsendar. Er det ei truverdig kjelde? Kva rolle eller eigeninteresse har kjelda i denne saka?

  • Samanlikn fleire kjelder om same sak. Er det fleire kjelder som skriv det same? Det styrkjer i så fall tilliten.

  • Er artikkelen gammal eller av nyare dato?

  • Gir artikkelen seg ut for å vere vitskapleg? Blir det vist til konkret forsking, slik at det er mogleg å sjekke fakta?

  • Finn du namna på forskarane og forskingsinstitusjonen når du søkjer på nett? Finst dei? Er det noko i søkjetreffa som kan tyde på at dette er omdiskutert, useriøst eller direkte falskt?

  • Ber artikkelen preg av å vere eit forsøk på å skape sensasjon, slik at forskingsresultatet kan vere forvridd? Kan overskrift, statistikk og illustrasjonar vere laga for å få merksemd?
Døme på gode kjelder for biologi og naturfag

Store norske leksikon (SNL)

forskning.no

Artsdatabanken

Bioteknologirådet

miljøstatus.no

miljolare.no

naturfag.no

viten.no

CICERO Senter for klimaforskning

Norsk Polarinstitutt

Havforskningsinstituttet

BIBSYS – bibliotekbase der du kan søkje etter, låne og bestille både digitale tekstar og papirutgåver

Film om kjeldegransking frå Faktisk.no. Video: film_konsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

TONE er ein enkel hugseregel når du skal finne gode kjelder

står for:

  • Truverdig: Er kjelda sikker? Har forfattaren god bakgrunnskunnskap? Kven står bak?

  • Objektiv: Er kjelda nøytral? Finn kjelder med ulike syn på saka, slik at du kan lage ei objektiv framstilling.

  • Nøyaktig: Finn du slurv, skrivefeil, faktafeil og juks? Har forfattaren oppgitt kjeldene sine?

  • Eigna: Finn du det du er ute etter? Har kjelda passande vanskegrad og omfang?

Oppgi kjelde, men sjekk opphavsrett og lisens før gjenbruk

Når du skriv oppgåver, held foredrag eller liknande, skal du alltid oppgi kva kjelder du bruker. Mange gonger er det nok å oppgi internettadresser til artiklane du har brukt. Andre gonger krevst det litteraturliste. Det finst reglar for korleis litteraturlister skal lagast, og for naturvitskap er det anbefalt å bruke systemet som er beskrive i APA 7th på Kildekompasset.

Du kan aldri publisere noko som andre har laga, som ditt eige verk. Men ein CC-lisens kan gi deg rett til å gjenbruke det og eventuelt lage din eigen versjon, så lenge du krediterer den som har opphavsretten.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Falske nyheiter eller faktum?

Her får vi presentert oppsiktsvekkjande påstandar som utfordrar oss. Korleis kan vi vite kva som er riktig, og korleis skal vi møte slike utspel?

Skrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2021